Gratulerer, Nord-Fron Unge Venstre!

Det var med stor glede eg registrerte nyheita om at Venstre har tredobla sitt skulevalresultat ved Vinstra vidaregåande skule. 16,8 prosent er eit imponerande resultat for eit lite parti!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Foto: Ukjent

Eg vil gratulerer alle i Nord-Fron Unge Venstre med ein fantastisk innsats. Det er heilt tydeleg at liberale idear er i vinden som aldri før, og at norsk ungdom støttar opp om Venstre. Det såg vi på Vinstra, og det ser vi over heile landet desse vekene.

Langt frå alle skulevalresultata er inne endå, og den fulle oversikta får vi ikkje før 6. september. Men av det vi har registrert, har Unge Venstre gått fram på nær sagt alle skular samanlikna med 2009-resultatet. Det året klarte vi eit landssnitt på 6,0 %, og det ser ut til at vi er på veg til å klare eit endå betre resultat i år.

Nord-Fron Unge Venstre har i alle fall bidratt på ein glitrande måte til statistikken, og eg håpar det gjev dykk motivasjon til å stå på heile vegen inn mot valet. For det er trass alt berre eitt val som tel, og det skjer 12. september.

Stå på, dette klarer vi!

Liberal helsing

Sveinung Rotevatn
Leiar, Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**