Finnøy i vekst og utvikling

Finnøy har dei siste åra opplevd ei god utvikling på mange felt. Ei utfordring dei neste fire åra er å få revidert kommuneplanen som styrar vidare utvikling av viktige samfunnsområder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Sauer

Foto: Ellen Borch Veum

Finnøy har dei siste åra opplevd ei god utvikling både når det gjeld folkevekst, auka sysselsetting, auka detaljhandel og auka næringsaktivitet. Vekstområda er i heile kommunen, ikkje berre på øyane som har fått fastlandssamband. Ei utfordring dei neste fire åra er å få revidert kommuneplanen som styrar vidare utvikling av viktige samfunnsområder. Det er kommuneplanen som styrar utviklinga når politikarane skal ta avgjerder.

At me ikkje har fått til ei revidering i perioden som har vore er berre å beklage, då utviklinga i vår kommune nå går raskt, og nåverande kommuneplan ikkje samsvarar med denne utviklinga. Venstre vil difor prioritera ei revidering så raskt som råd er i kommande periode.

Eit av områda i kommuneplanen omfattar bustadbygging. Her har Venstre saman med koalisjonspartia lagt til rette både for kommunale og private bustadfelt i denne perioden, også retningslinjer for dei kommunale bustadfelta som blant anna prioritetar dei unge i etablerarfasen.

Venstre fremja og forslag i kommunestyret i juni 2009 om at det skal kunne leggjast til rette for hus nr. 2, frådeling av einskilttomter på gardane, og tilrettelegging av private husklyngjer, særskilt på dei øyane som ikkje har fått fastlandssamband. Venstre fekk fleirtal for dette, og meiner folk i tillegg til å få tilbod om tomt i eit byggjefelt, også skal få kunne velje andre stader å bu, samt få høve til større tomter der det ligg til rette for det. Dette utan at det vert tatt dyrka mark. Det lar seg gjere fleire stader. Nå må kommuneplanarbeidet prioriterast, slik at me kan følgje opp den positive utviklinga som skjer i kommunen vår, også på andre viktige område planen tek for seg.

Rasmus Hidle
Heidi Skifjell
Listekandidatar for Venstre

(publ TR)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**