SV må respektere eigne forslag og vedtak

Historia om SV, Venstre og planutvalet i Arendal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Enda ein gong ser eg i Agderposten at SV ved Einar Krafft Myhren kritiserer Venstre for at SV ikkje har plass i planutvalet i Arendal. Også Sverre Torjussen har hevda dette i debatt på facebooksidene om Barbu-utbygging.

Derfor kort historie:
Våren 1999: Eit enstemmig bystyre vedtok organisering for 1999-2003, utan at SV foreslo at alle parti skulle ha plass i planutvalet.

Perioden 1999-2003: SV fekk plass i planutvalet. Senterpartiet og Pensjonistpartiet fekk ikkje plass etter valet hausten 1999, men SV stilte ikkje forslag om at alle parti skulle få vere med.

Våren 2003: Eit enstemmig bystyre vedtok organisering for 1999-2003, utan at SV foreslo at alle parti skulle ha plass i planutvalet.

Perioden 2003-2007:
Både SV og Venstre sat i planutvalet, men ikkje Pensjonistpartiet og Senterpartiet. SV kom ALDRI med forslag om at alle parti skulle få plass i planutvalet.

Juni 2007: SV var med i nemnda som kom med forslag til politisk organisering for perioden 2007-2011. SV foreslo ALDRI at alle partia skulle kome i planutvalet.

Valet september 2007:
Da veljarane reduserte SV frå 6 til 3 mandat i Arendal bystyre hausten 2007 prioriterte posisjonen dei partia som gjekk fram som følgje av kva veljarane hadde bestemt. I forhandlingane i dagane etter valet forlangte Kristeleg folkeparti at SV ikkje skulle vere med i fleirtlasgruperinga (også kalt posisjonen i det interne stammespråket). Situasjonen var at samarbeidet Ap, KrF, Venstre og Senterpartiet med KrF ville få fleirtal, og at KrF også hadde tilbod frå Høgre og Frp om ordførarverv i ein alternativ fleirtalskonstellasjon der også Pensjonistpartiet ville vere med. I den situasjonen bad Venstre om at vi forsøkte å få eit størst mogleg fleirtal for å få tryggast mogleg styring av kommunen. Vi åtvara mot ein situasjon med 20-19, fordi det ville gjere at kvar enkelt av dei 20 kunne stille ultimatum i eikvar lita eller stor budsjettsak. Men det endte med at Arbeidarpartiet, Venstre og Senterpartiet valte KrF framfor SV, fordi vi elles kunne risikere å overlate makta til to parti som begge hadde gått tilbake i valet: Frp og Høgre. For Venstre var også avstanden til FrP i Arendal for stor til at forpliktande sdamarbedi var aktuelt.

SV mot eigne vedtak
Først da vakna SV og kravde at alle parti skulle få plass i planutvalet. Men Venstre syntest at eit einstemmig bystyrevedtak, med SVs stemmer, frå like før valet burde bli respektert også av SV. Venstre synest også at det er viktigare at alle parti har plass i det overordna og langsiktige kommuneplanutvalet og i valnemnda. I avstemming i bystyret ville Sv at alle parti skulle inn i planutvalet og fekk støtte frå pensjonistpartriet. Så skjedde det noe av same slag som vi opplevde i avstemmingane om Barbu både i juni og august nå i 2011: Arbeidarpartiets gruppeleiar Nils Johannes Nilsen ser seg bakover, finn ut at SVs forslag ikkje vil få fleirtal og ber heile AP-gruppa reise seg. Da blei det 21-18 for at planutvalet skulle vere som det var bestemt av alle parti einstemmig like før valet.
Men SV fekk det for seg at Venstre hadde skvisa SV ut av planutvalet.
For orden skuld: Venstre sat i planutvalet (på den fjerde av dei fem plassane fleirtalet har) frå hausten 2007 til Anne Solsvik flytta til Oslo hausten 2010. Etter det har vi berre hatt varamedlem. Men vi har ikkje funne grunn til å kreve at bystyret skulle omgjere einstemmige vedtak berre fordi vi ikkje kom med likevel.

Venstre ga verv til SV
I konstitueringa etter valet i 2007 sørga Venstre for at SV kom inn i Friluftsrådet Sør, og har sørga for fleire andre verv som SV elles ikkje ville fått. Fleire gonger har vi forsøkt å gi fleire verv til SV, men har ikkje nådd fram fordi SV ikkje har hatt noen imponerande frammøtestatistikk å vise til i valnemnda i bystyret. Og så kan nok dei som vil sjå frammøteprotokollane i det viktige kommuneplanutvalet og andre folkevalte nemnder i Arendal undre seg om SV hadde klart å møte i det svært arbeidskrevande planutvalet, når det har vore så vanskeleg å møte i fleire andre folkevalte verv.

Å hevde at Venstre har skvisa SV er direkte feil. Det er tre viktige grunnar til at SV ikkje sit i planutvalet i Arendal i perioden 2007-2011:

1. KrF kravde at vi andre i det spinkle fleirtalet måtte velje mellom å få fleirtal med 20 mandat med KrF eller mindretal med 19 mandat utan KrF. Venstre var det partiet som likte dette minst (i tillegg til Gjermund Orrego Bjørndahl, som da var leiar i Arendal Arbeidarparti).
2. Alle parti stemte einstemmig for at planutvalet skulle ha berre 9 medlemer da heile den politiske organiseringa blei vedtatt like før valet i 2007.
3. SV blei halvert frå 6 til 3 mandat i kommunevalet 2007.

Denne orienteringa kan stadfestast av bystyreprotokollane, protokollane i dei tre nemndene som har foreslått framtidig organisering i 1999, 2003 og 2007, av alle som var med i forhandlingane etter valet i september 2007, og av alle som har vore med i organiseringsnemndene. Alle stadar har også SV vore med på einstemmige vedtak, heilt fram til juni 2011 da SV utan å ha stilt noen frslag i organiseringsutvalet kom med forslag om at alle skulle vere med i planutvalet. Fleirtalet vedtok at planutvalet og kommuneplanutvalet skal slåast saman og ha 9 medlemer, at formannskapet skal ha 9 medlemer – og at så mange som 18 av bystyrets 39 medlemer da får plass i dei to mest sentrale utvala. Frå talarstolen i bystyret sa Venstre at vi må samarbeide slik mellom alle parti at det er plass til minst ein frå kvart bystyreparti i minst eitt av desse to tyngste utvala i bystyret.

31. august 2011

Jan Kløvstad
gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**