Friluftsliv og turisme
Vi har ei reiselivsnæring med stort potensial på Sula, Venstre meiner vi må støtte opp under den satsinga som skjer på Devoldfabrikken og elles. Difor vil vi arbeide for at dei som kjem til Sula på ein betre måte skal kunne orientere seg om gode turforslag.
Venstre meiner dei viktigaste tiltaka for å få til dette vil vere skilting på sentrale turiststader, utarbeiding av betre turkart, både papirkart og (mo)bilkart samt enkel tilrettelegging, som klopping og rydding for å få fine rundturar.
Ei satsing på reiseliv gjennom å leggje til rette for enkelt friluftsliv vil gagne både turistar og fastbuande.
Heidi Devold
Listekandidat Sula Venstre