Smørbrødlista – Svar på innhogg i Sogn Avis

Innhogg-spaltisten Sigbjørn Råsberg presenterte i Sogn Avis laurdag 27. august ei smørbrødliste av spørsmål som han meiner dei politiske partia bør svare på, og som veljarane kan grille partipampar på valkampstand med. Leikanger Venstre prøver, og håpar sjølvsagt veljarane i Leikanger — inkludert 3. kandidat på SP-lista, Sigjørn Råsberg – blir nyskjerrige på resten av programmet også!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**



Kva meiner partia om kommunesamanslåing?

I Leikanger og Sogndal ligg det ei utgreiing om samanslåing, frå 2003. Den bør takast fram or skuffa, når kommunane no igjen har bestemt seg for å ta opp att saka. Har utviklinga dei siste åra gått i den retninga utgreiinga vurderte? Kva har evt. endra seg? Leikanger Venstre kan i dag ikkje svare ja, eller nei til samanslåing med Sogndal. Her er plussar, men også minusar. Det er lett å gå i fella, der ein skissar ei negativ framtid i det ukjende, medan alt blir "like godt som før" i det andre. Vi treng difor ein brei diskusjon. Vi treng å sjå på saka frå fleire sider. Vi må tore å teikne framtidsbilete. Ut frå det vi veit i dag og kva vi ønskjer for morgondagen. Og dette er ikkje ein prosess som kun skal skje i lukka arbeidsgrupper og kommunestyresalen – tvert om, vi må ha fleire møtestader for diskusjon! Og beslutninga? Den må innbyggjarane også vere med å ta, gjennom folkeavrøysting.

Kva er standpunktet når det gjeld kommunale avgifter og eigedomskatt?
Samanlikna med nabokommunane har Leikanger hatt høge kommunale avgifter dei siste åra, noko som heng saman med nødvendige investeringar i vass- og kloakksystema. Leikanger Venstre vil ikkje love kutt i desse avgiftene dei neste åra. Det er nødvendig å ruste opp det kommunale leidningsnettet. Fleire hus til fleire folk set også krav til den kommunale infrastrukturen. Og verken kommunen, innbyggjarane eller miljøet er tente med dårlege løysingar.
Som mange andre kommunar har også Leikanger eigedomsskatt, denne er nyleg justert. Leikanger Venstre trur det er vanskeleg å ta bort denne inntektskjelda. Vi må likevel vere opptekne av dei samla kostnadane, ikkje minst korleis situasjonen er for dei private verksemdene i kommunen.

Korleis sikre eit næringsliv i vekst?

I Leikanger har vi hatt ein god arbeidsplassvekst dei siste åra. Ikkje berre hjå dei offentlege etatane, men også i privat verksemd. Leikanger treng å støtte opp om rekrutteringa og legge til rette for at folk blir verande. Fleire folk til Leikanger er også avgjerande for å stimulere vekst i småbedriftene i kommunen. Desse modige småbedriftene satsar på den lokale handelen. Fleire folk betyr meir lokal handel. Men ting kjem ikkje av seg sjølv! Vi treng eit sterkare næringssamarbeid i regionen og å styrke ressursane som kan jobbe med lokale og regionale utviklingsprosjekt.

Korleis står det til med bustadpolitikken?

"Bustadkrisa" i Leikanger er vel kjend. Mange vil bu, men her er lite å tilby. Fleire prosjekt og planar er i gong, og det betrar situasjonen. Men først og fremst for dei som har bestemt seg for å kjøpe. Framleis er det liten samanheng mellom tilbod og etterspurnad på leigemarknaden. Leikanger Venstre vil realisere gjennomgangsbustader, gjerne i samarbeid med private aktørar. Vi treng gjennomgangsbustader både for "prøvebuarar" , førstegongsetablerarar og flyktningar. Venstre ønskjer å tenkje fortetting og sirkulasjon, og meiner kommunen treng nye strategiar i bustadpolitikken. Alle vil ikkje lenger bu stort og fritt. Det bør vi heller ikkje, av omsyn til miljø, vern av dyrka jord og kulturlandskap.

Kva med barnehagedekninga?

Barnehagedekninga i Leikanger er god. I dag er difor dette ikkje eit problem. Og her er tilgjengelege lokale dersom behovet aukar. Framover blir det viktig å halde god kvalitet i tilbodet.
Folk blir eldre — kva innhald ligg i "ein verdig alderdom"?
I Leikanger dei neste åra vil vi få fleire folk i aldersgruppa 65-80, medan det blir nokre færre over 80. Sjølv om mange vil vere spreke heimebuande, treng vi fleire omsorgsbustader, helst i tilknytning til sjukeheimen. Vi meiner også at kapasiteten på sjukeheimen må nyttast. Vi har ventelister i dag. I tillegg set samhandlingsreformen krav, som vil kunne verke inn på korleis vi brukar sjukeheimsplassane.

Alt kostar — korleis få ting til å gå opp?
Kommunane er det viktigaste verktøyet for å drive og utvikle velferdsstaten Noreg. Då må kommunen også forvente at det følgjer pengar med auka krav og oppgåver. Samstundes treng vi løysingar lokalt, for både kostnads- og inntektsdeling. Fleire innbyggjarar som bur og arbeider i Leikanger vil i seg sjølv gje inntekter både for næringslivet og kommuneøkonomien. Pengar spelar alltid ei rolle. Likeeins er viljen til samarbeid, å tenkje nytt og støtte opp om det sterke engasjementet hjå innbyggjarane sentralt. Det er ei sterk utviklingskraft i seg sjølv!

Framtidsscenario — korleis vil veljarane merke at de er med i styringa?

Sjølvsagt har vi tru på at Venstre kan vere med å prege utviklinga i Leikanger dei neste åra. Ei stemme til Venstre er ei stemme til eit ope og deltakande lokalstyre, kvalitet i velferdstilbodet, fokus på miljø og natur, aktiv dialog med næringslivet og vilje til å finne løysingar lokalt og regionalt.

Trude Risnes
1.kandidat for Leikanger Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**