Venstre meiner det er svært viktig å gjere offentleg verksemd open og gjennomsiktig slik at vi heile tida strekk oss etter meir demokratisk deltaking og ytringsfridom. For å få dette til, vil Venstre jobbe for at kommunestyret og forvaltninga har gode rutinar for å involvere flest muleg av dei det gjeld. Ein må lytte til tilsette, brukarar, fagfolk, pårørande og andre som har kjennskap til dei aktuelle sakene. Vidare må gjere informasjonen om sakene forståelege slik at fleire kan sette seg inn i dei.
Openheit opner òg for kritikk. Vi gjer oss meir sårbare når folk får innsyn, vi kan få kritikk på måten vi har handtert ei sak og fordi vi ikkje tok omsyn til alle fakta. Hendingane den siste tida har likevel gjort meg endå sikrare på at meir openheit er vegen å gå. Vi må lytte til alle synspunkt og gjere det lettare å komme med innspel.
På den måten vil vi styrkje tilliten til det offentlege, kontrollen frå ålmenta og få betre styring av kommunen. Vi skal gjere vårt beste for at dei som representerer Venstre i kommunestyret i Sula skal vere gode ombod for innbyggjarane.
Kjersti Finholt
Førstekandidat for Sula Venstre