Trygge og langsiktige vilkår for Lindåstunet

lesarinnlegg – Aashild Halland, ordførarkandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Lindåstunet er og skal vera ein heim for dei som ønskjer det, og som ikkje har behov for sjukeheimsplass. Slik vil Venstre også ha det i framtida. Lindåstunet er ingen sjukeheim slik administrasjonen i Lindås tydelegvis oppfattar det.

Venstre vil ikkje akseptera at kommunen ved bestillarkontoret skal krevja at Lindåstunet tek inn sjukeheimspasientar. Det vil me oppfatta som at administrasjonen ikkje aksepterer at denne saka er og vil bli politisk avgjort.

Venstre meiner Lindåstunet spelar ei viktig rolle i eldreomsorga vår, men også i kulturlivet i Lindås. Lindåstunet
gjev tilbod om ein heim før vedkomande eventuelt treng sjukeheimsplass
avlastar dei kommunale heimetenestene
gjev dagtilbod for eldre som supplerar det offentlege tilbodet
gjev hjelp til folk som treng ei varm hand for kortare eller lengre periodar
syter for at pårørande som treng tryggleik for at deira kjære blir teken hand om får naudsynt avlastning
gjer at dei mange eldre og andre, som vil og kan gjere ein friviljug innsats for Lindåstunet, får høve å gjera denne svært viktige innsatsen for nærmiljøet sitt og samfunnet
vernar dei kulturhistoriske bygga gjennom bruk

Administrasjonen i kommunen har lenge hatt eit ønskje om å avvikla samarbeidet med den privat eigde verksemda. Dette har Venstre og dei andre partia samla stått mot. Ein har no gjeve Lindåstunet rammevilkår som er i samsvar med det dei har hatt ønskje om. Slik vil Venstre også ha det i framtida.

Venstre vil difor løyva dei naudsynte midlane for å brannsikra bygget ut frå den samfunnsnytten Lindåstunet har. Administrasjonen har no synleggjort at ei eventuell avvikling av Lindåstunet vil verta at tenestetilbodet vert dyrare for kommunen, og at borgarane får eit dårlegare tilbod i form av mindre valfridom og bortfall av tilbod. Difor meiner me at kommunen kan ta på seg relativt sett store utbetringskostnadar ut frå økonomiske omsyn, sjølv om mykje i dag tyder på at utgiftene til brannsikringstiltak vert låge.

Det er svært gledeleg at Lindåstunet er nominert til Frivillighetsprisen — ein verdig kandidat!

Aashild Halland
Ordførarkandidat Lindås Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**