Sykkelaksjon

Giske Venstre ynskjer med dette å invitere innbyggjarane i Giske kommune til å vere med på tur søndag 4.september, for å rette fokus på trafikktrygging i kommuna vår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Turen tek for seg fem ulike strekningar i kommunen, og vi inviterer alle som vil til å vere med.

Tanken er å ferdast som mjuke trafikantar, dvs syklistar og fotgjengarar langs nokre av vegane i kommunen, og få ei oppleving av kva tiltak som bør setjast inn for å gjere trafikkopplevinga tryggare for denne gruppa trafikantar.

Vi legg opp til fem etapper, og vi vil oppmode innbyggjarane om å vere med på den strekninga som høyrer til dykkar nærmiljø. Etappe nr 1 eignar seg nok ikkje så godt for fotgjengarar, men 2-5 er fine turar for dei som vil spasere 🙂 Om nokon syns ei etappe er for lang for fotgjengarar, går det godt an å berre ta deler av den.

1) Roald – «bak fjellet» på Valderøya – Ytterland
Oppmøte ved Joker Roald

2) Sætra – Ytterland på framsida av øya
Oppmøte ved Sætra barnehage

3) Ytstevegen rundt Giske – Giskebrua- Ytterland
Oppmøte i rundkøyringa ved tunnellen

4) Valkvæ – Gjuv tur/retur Oppmøte i Valkvæ

5) Solbakken skule – Vigra kyrkje
Oppmøte ved Solbakken skule

Alle etappene går parallelt, med oppmøte kl 14.00.

Vi møtast deretter til ei felles samling på Ytterland ca kl 15.30, etter kvart som folk kjem i mål 🙂

Undervegs bed vi deltakarane om å vere merksame på trafikksituasjonen, og kva utfordringar de møter undervegs. Desse erfaringane kan vere svært nyttige å ha med seg når politikarane snart skal rullere trafikktryggingsplanen for Giske kommune.

Mann som sykler med buss i bakgrunnen

Foto: Lisensiert fra BizArt

Håpar så mange som mogleg har tid og lyst til å vere med!!!!

Beste helsing Giske Venstre 🙂

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**