Skandaløs historieløyse, Lisbeth!

Lisbeth Iversen viser historieløyse når ho har late forfallet av den gamle lemstova i Indre Hordvik gå sin gang. – Eit bygg som byantikvaren seier har «svært høg antikvarisk verdi» burde ha vore sikra for ettertida for lenge sidan, seier Øystein Hellesøe Brekke, nestleiar i Åsane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Øystein Brekke

Som det gjekk fram av BT 30. august, forsikra ansvarleg byråd Lisbeth Iversen allereie i april i år overfor Åsane Tidende at huset skulle reddast. Ho sa òg at ho hadde teke kontakt med Bergen Tomteselskap for å hindra ytterlegare forfall. Etter det har ingenting skjedd for å sikra huset, derimot har Tomteselskapet fått rivingsløyve.
– Det er vanskeleg å sjå at byrådet har gjort noko meir i denne saka enn å komma med tomme forsikringar til media. Dette tyder på manglande interesse og manglande vilje til å prioritera kulturminne, særskilt i bydelane, seier Brekke oppgitt.

Brekke, som varsla historielaget om rivingsløyvet, meiner det er svært trist for Åsane at bydelen får kulturminna sine forsømt på denne måten.
– I dei næraste åra kjem det til å bli bygd svært mange nye bustader i dei nordlege delane av Åsane. Det ville vera ein stor rikdom for desse kommande bustadområda å ha levande minne i nærområdet om tidlegare tider og tidlegare levevis i området, påpeikar Venstrepolitikaren.

Han er glad Åsane historielag har påklaga rivingsvedtaket.
– Venstre ønskjer at det kommunale selskapet som eig huset i Indre Hordvik, og også det gamle gardsbruket på Almås, snarast må berga desse bygningane og setja dei i stand. Me støttar òg historielaget sitt ønskje om å få gjennomført ei heilskapleg registrering av kulturminna i bydelen vår, understrekar Brekke, som òg er skuffa over Bergen Tomteselskap:
– Det tomteselskapet gjorde etter avslaget på rivingsløyve i 2009, var å riva huset likevel, berre at dei brukte metoden «langvarig forfall». Det tek litt lenger tid, men fører uansett til det same sluttresultatet. Eigentleg skulle dei vore bøtelagde for ulovleg riving.

Historikaren meiner Lisbeth Iversen burde handla tidlegare:
– Iversen kunne ha gripe inn tidlegare dersom kommunen hadde gjennomført ei heilskapleg registrering av kulturminne i bydelane, slik historielaget ønskjer skal gjerast. Slik kan ein unngå å få slike saker i fanget først i tolvte time, meinar han.
– Huset står no i ei sørgjeleg forfatning, til skjemsle for nærområdet, i staden for som det burde ha stått: Som eit vakkert kulturminne som kunne minna kommande generasjonar om tidlegare tiders buskikk i området, avsluttar Øystein Hellesøe Brekke.

Åsane Venstre skreiv om saka allereie 20. august i år.

Gammelt hus kulturminne vern laftet Smiurgarden i Etnedal
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**