Skaff betre lærarar og kutt leksehjelpa

– Venstre vil satse på systematisk etter- og videreutdanning av lærarar. Kommunane må få sjansen til å bruke pengane som er øyremerka leksehjelp til å sikre seg at dyktige lærarar blir i jobben og at vi får rekruttert fleire lærarar. Det gjer vi ved å gi lærarane systematisk etter- og videreutdanning og sikre god skuleleiing, ikkje ved å gi borna ufaglært leksehjelp. Dette skriv Gunn Berit Gjerde i eit innlegg om skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Innlegget i si heilheit kan lesast her:

Venstre: – Kutt leksehjelpa. Skaff betre lærarar

Leksehjelpordninga er evaluert i Stavanger, Arendal og Trondheim. Disse evalueringane viser at lovfesta leksehjelp til 1.-4. klassinger ikkje er sosialt utjamnande eller betrar elevane sine resultat, kanskje snarere tvert imot.

Venstre vil kutte leksehjelpa og satse på betre lærarar.

– Skuleforsking viser at det er to ting som er særleg viktig for å sikre sosial utjamning og auka læring i skulen: Betre lærarar og betre kontakt mellom lærarane og heimen. Venstre meiner leksehjelpordninga svekkjer begge deler. At ufaglærde skal gi leksehjelp, gjer at dei ufaglærde tar over rolla til både læreren og foreldra. Det svekkjer skulen.

– Venstre vil satse på systematisk etter- og videreutdanning av lærarar. Kommunane må få sjansen til å bruke pengane som er øyremerka leksehjelp til å sikre seg at dyktige lærarar blir i jobben og at vi får rekruttert fleire lærarar. Det gjer vi ved å gi lærarane systematisk etter- og videreutdanning og sikre god skuleleiing, ikkje ved å gi borna ufaglært leksehjelp.

– SV klarer ikkje motverke sosial utjamning utan å satse på betre lærarar. Dei har stemt mot alle Venstre sine forslag om systematisk etter- og vidareutdanning av lærarar. SV sine svar på dei utfordringane som vi har i norsk skule har vore lovfesting av leksehjelp. Når det ikkje fungerer, bør vi finne andre, meir målretta tiltak. Kommunane må få lov til å bruke pengar og ressursar på det dei sjølve veit at elevane treng.

Mellom anna må kommunane satse på å motivere lærarane til eit nært og godt samarbeid med heimen slik at utfordringar eleven kan ha blir tatt raskt fatt i.

Gunn Berit Gjerde
fylkesordførarkandidat frå Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**