Vi vil vere med å vidareutvikle den vidaregåande opplæringa i Sogn og Fjordane, slik at denne er dimensjonert etter kvar elevane bur og etter kva behov offentlege og private versemder har for kompetanse. Eit tettare samarbeid mellom næringsliv og skule er ein føresetnad for å lykkast.
Ny skulestruktur i Sogn og Fjordane?
Den vidaregåande skulen i fylket er sett under kraftig press, då det er venta stor elevtalsnedgang i fylket dei næraste åra. Indre Sunnfjord er derimot ein vekstregion. Førde Venstre vil arbeide aktivit for å oppretthalde og utvikle dei vidaregåande skulane i Førde og Jølster.