Me vil arbeida for Ryfylke!

Rogaland er eit fantastisk fylke og Ryfylke er det beste Rogaland kan by på!
Det er ulike utfordringar i dei ulike delane av Ryfylke og for Venstre er det viktig å bruke krefter på å løyse konkrete utfordringar der dei er.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Vei

Foto: Microsoft

Fylkestingsgruppa til Venstre vil arbeide for alle deler av Ryfylke, mellom anna ved å setje fokus på fylgjande områder:

Vegane
Vegane i Ryfylke går både på land og på sjø, og gode kommunikasjonar er avgjerande for at regionen skal vera livskraftig og framtidsretta. Gode vegar er særs viktig både for næring og busetjing i regionen.
Venstre vil arbeida for rassikring av Rv 13 og at denne får standarden oppgradert til gul midtstripe. I tillegg er det viktig å prioritera rassikring av Fv 520 Sauda-Ropeid og Fv 46 frå Ropeid.
Ryfast ligg på Kleppa og Langeland sitt bord og inntil ein avklaring kjem vil me og ha fokus på utfordringane i Tau-sambandet, me vil mellom anna ha fokus på at Tide oppfyller anbodskrava.
Venstre vil prioritera ny pendlarrute mellom Hebnes, Hjelmeland, Tau og Stavanger. Me vil og ha fokus på dei interne sambanda i Ryfylke.

Den vidaregåande skulen
Ryfylke har fire vidaregåande skuler som er særs viktige for regionen. Det er viktig at ungdom i Ryfylke har gode utdanningstilbod i nærleiken av der dei bur. Difor vil Venstre arbeida for å sikra god drift og vidare utvikling ved Strand vgs, Rygjabø, Sauda vgs og volleyballinja på Sand.

Næring og miljø
Eit nyskapande næringsliv og god miljøpolitikk heng saman. Morgondagens arbeidsplassar vert etablerte no, og ei satsing på gründerverksemd er avgjerande for å lykkast. Samstundes skal eksisterande næringsliv ha stabile og gode ramevilkår for å utvikla seg i ei positiv retning. Venstre vil oppretthalde og vidareutvikle skape.no som Noreg beste ordning for etablerarar og at det utarbeidast eit oversyn som gjer det enkelt å orientere seg i dei ulike støtteordningane som finst.

Reiseliv
Reiselivet er ein stor vekstmulegheit for Ryfylke. Venstre ønskjer å gje Preikestolen varig vern. Lysefjorden er den største attraksjonen i Rogaland og Preikestolområdet er eit viktig naturmiljø og avgjerande for reiselivet. Me vil og leggje betre til rette for båtturisme i heile regionen.
Ryfylke friluftsråd gjer òg eit viktig arbeid og skal prioriterast vidare!
For Venstre er det viktig at folk kan bu, arbeide og drive næring i Ryfylke og me tek gjerne i mot saker som innbyggjarane i regionen meiner er viktige. Venstre prioriterer folk fyrst!

Helge Solum Larsen og Gro Skartveit

1. og 2. kandidat til fylkeslista for Rogaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**