Lokalsjukehus høyrer heime i valkampen!

Venstre det som sjølvsagt at framtida for Nordfjord sjukehus er ei viktig sak både i lokalvalkampen og for dei nye folkevalde i Nordfjord, seier Venstre sin førstekandidat til kommunevalet i Eid, Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

Arbeiderparti-ordførar i Eid, Sonja Edvardsen, er i eit intervju med Bergens Tidende 25/8 frustrert over at folk i Nordfjord for tida er så opptekne av sjukehussaka, og seier til avisa at framtida for Nordfjord sjukehus er «…ei sak som eigentleg ikkje høyrer heime i denne valkampen, ettersom dette for lengst er avgjort av Regjeringa.» og vidare at «..som Arbeiderparti-ordførar (…) må eg innsjå at dette er avgjort og lite å gjere med.»

Det er ein mildt sagt oppsiktsvekkande påstand frå Ap sin fremste politikar i Eid. Eg er djupt usamd i hennar falitterklæring av tre årsaker:

1. Det er rett at Regjeringa, med Ap som pådrivar, har vedtatt at fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus skal leggast ned. Men: Samstundes lovde Regjeringa at Nordfjord sjukehus skulle bestå som akuttsjukehus, og at sjukehuset skulle vidareutviklast som «fremtidens lokalsjuehus». Det som no held på å skje, står i skrikande kontrast til Regjeringa og Ap sine fagre løfte. Det såkalla «fremtidens lokalsykehus» blir ribba for spesialistkompetanse og tenester. Kirurgar og overvaking blir fjerna. Medisinsk avdeling blir nedskalert. Livsnødvendige støttefunksjoner tatt bort. Fleirtalet av nordfjordingar misser fornuftig nærleik til akuttberedskap.

Eg trudde i mitt einfold at det politiske miljøet i Nordfjord sto samla om at det som no skjer er uakseptabelt og i strid med Regjeringa sine vedtak og løfte. Dersom Sonja Edvardsen og Arbeiderpartiet i Nordfjord på alvor meiner at alt som no skjer på Nordfjord sjukehus «..for lengst er avgjort av Regjeringa», og har visst dette heilt sidan april, så trur eg det er ei interessant opplysing for mange veljarar før valdagen 13. september.

2. Vi står no framfor den såkalla samhandlingsreformen i helsevesenet. Her skal ansvar og oppgåver for mange helsetenester flyttast frå stat til kommuner. Prisverdig nok seier Regjeringa at det er kommunane og lokaldemokratiet som må setje seg i førarsetet for endringane som no skjer. Det er då sjølvsagt at vi som lokalpolitikarar må «bry oss om» og ta omsyn til lokalsjukehusa sin plass i framtidas helsevesen. Lokalsjukehusa vil etter samhandlingsreformen rykke endå nærare vår kommunale kvardag enn før., og er umulige å oversjå i ein lokalvalkamp.

3. Som lokalpolitikarar styrer vi ikkje berre over kommunale budsjett og kommunale tenester. Vi har også ei ombodsrolle og eit heilskapleg ansvar for å utvikle gode lokalsamfunn. Vi er valde ut frå personleg tillit til at vi gjer det vi kan for å skape trygge rammer for dei som vil leve sitt gode liv i Nordfjord i framtida – også opp mot fylke, Regjering og statleg byråkrati. Dersom vi som lokalpolitikarar skulle la vere å gå inn i ei sak som berører og opprører titusenvis av menneske i Nordfjord, og som direkte går på framtida laus for fleire hundre frustrerte tilsette ved Nordfjord sjukehus, ja, då gjer vi rett og slett ikkje jobben vår som folkevalde og ombodsmenn.

Ut frå desse tre årsakene, ser eg og Venstre det som sjølvsagt at framtida for Nordfjord sjukehus er ei viktig sak både i valkampen og for dei nye folkevalde i Nordfjord.

At Arbeiderpartiet sin frontfigur i Eid gjennom Bergens Tidende veljer å «melde seg ut» av vidare engasjement i framtida for Nordfjord sjukehus, det får vi berre ta til etteretning. Eg håpar og trur det ikkje gjeld så mange andre. Det er no viktigare enn nokon gong at parti og politikarar i Eid og Nordfjord står samla og syner lokalt engasjement for «framtidas lokalsjukehus».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**