Lars Erling Bjåstad Hovlid (f 1974) er gift og har to born på 1 og 3 år. Han er utdanna prest og jobbar i dag i administrasjonen ved Sunnmøre Folkehøgskule.
Globalt medborgarskap er eit viktig stikkord for saker som han er engasjert i, med fokus på økonomisk rettferd, utvikling og miljø. Å tenke globalt, men handle lokalt er avgjerande. Gode oppvekstkår for born og unge med gode rammevilkår for skulen er også ei sak som engasjerer.
Hobbyar: Friviljug arbeid i Norges KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp, samt hønsehold.