Kvalitet i skulen

Venstre er oppteken av ein skule som tek borna på alvor. Læraren har ei nøkkelrolle, derfor er Venstre opptatt av kompetente lærarar og eit trygt og godt læringsmiljø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Politikk handlar om framtida. Vi kan være med å avgjære korleis framtida i kommunen vår skal være. Vi i Venstre vil ha ein kommune som set folk først. Kommunen er for menneska, ikkje for systema. Derfor er oppvekst og skule ei svært viktig sak blant mange andre.

Framtida startar no og dagens skuleelevar er morgondagens vaksne. Venstre vil sette elevane først, og gi kvar enkelt elev den opplæringa han eller ho er avhengig av for å utvikle seg i positiv retning. Venstre vil vri fokus over på kvalitet og innhald. Dette ved å vise til at læraren er den viktigaste faktoren for trivsel og læring i skulen. Likeeins må kravet til god skuleleiing, kompetanse og foreldresamarbeid i skulen hevast.

Venstre vil gi elevane betre undervisning med motiverte lærarar som har tid og kompetanse til å sjå den enkelte elev. Den gode læraren er nøkkelen i skulen. Derfor må vi, som politikarar, sørge for at vi rekrutterer fleire lærarar og motiverer dei gjennom blant anna å gi systematisk etter- og vidareutdanning.

Vi må ha ambisjonar for kvar einaste elev. Alle har krav på tilpassa opplæring. Dette må sjølvsagt også gjelde dei fagleg sterke elevane. Alle elevar må få vidareutviklet seg. Kvalifisert pedagogisk personale skal ha ansvaret for det som skjer i undervisningssituasjonen. Å satse på spesialpedagogar i klasserommet er å satse på eleven og elevar som har ekstra utfordringar må få hjelp så tidleg som rå. Lærarar med spesialkompetanse må jobbe direkte med elevane, ikkje sitje som administratorar for assistentane i skulen.

Ulike yrkesgrupper er inne i skulen og svært mange av desse for eksempel barne- og ungdomsarbeidarar har kompetanse på miljøarbeid. Denne yrkesgruppa er ein stor ressurs som kan ha hovudansvar for miljøarbeidet i skulen. På denne måten kan læraren få betre tid til undervisning som skal være hovudsaka i skulekvardagen.

Valet handlar om korleis lokalsamfunnet vårt skal være. Derfor vil vi i Rauma Venstre sette folk først, vi vil være med å skape eit lokalsamfunn der alle barn og unge får muligheit til å utvikle seg positivt og ha ein god skulekvardag.

Janne Søvik Hovde
2. kandidat, Rauma Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**