Venstre meiner at ei forutsigbar satsing på oppvekst og skule er den viktigaste investeringa kommunen kan gjere. Vi vil at folk skal kunne byggje og bu i alle bygdene våre, og då er nærhet til barnehage og skule blant det viktigaste når familiar etablerer seg.
Skule og barnehage er basistilbod for folk. Derfor vil Venstre ha lik behandling av private og kommunale barnehagar, og gjere om vedtaket om nedlegging av skulane på Kløvheim, Skodvin og Festo.
Kven vil vel med viten og vilje utsetje seksåringar for to timars bussreise til og frå skulen kvar dag? Det ser ut til at AP og FRP vel det, men eg tvilar på at småbarnsfamiliar vil det. Venstre vil det ikkje.
Venstre er positive til at foreldra på Skodvin og Festo søkjer om private skuletilbod. Lukkast dei ikkje med det skal dei vita at Venstre vil oppretthalda tilbodet i kommunal regi. Vi er og for å flytta skulen frå Festo til Myksvoll slik foreldra ønskjer.
Med den sentraliseringsiveren AP og FRP viser, ser det ut til at dei vil at bygd etter bygd meir eller mindre skal tvangsnedleggast. Heile grunnlaget for skulevedtaket synes å vere uhaldbart då fleire av skulane som skal erstatta noverande skular verken er komen på teiknebrettet eller finansiert.
Og Knarvik ungdomsskule, som dei fleste sør i kommunen no endar opp på, vert sprengt om tre år. Og skulen stod ferdig i fjor! Det vert dyrt å bygge så i utakt med folketalsutviklinga. Slik vil ikkje Venstre ha det når barnehage og barne- og ungdomsskuletilbodet på nytt må vurderast i Knarvik-Alversundområdet. Då må vi legge til grunn den faktisk forventa utviklinga slik at vi kan tenke heilskap i kommunen.
Venstre meiner at private og offentlege barnehagar skal gis like økonomiske vilkår. Då vil vi medvirke til at private barnehagar, som er heilt nødvendig for at vi skal klare full barnehagedekning, også i framtida finn det hensiktsmessig å etablere seg hos oss.
Borgar Bjørnson Titland
3. kandidat Lindås Venstre