Vindkraft-kommunane må få større utbytte

Skal vindkraft få større legitimitet i lokalsamfunna våre — og dermed kunne bli eit positivt bidrag til å redusere klimagassutsleppa, må vertskommunar og lokalsamfunn sikrast eit større utbytte av verdiskapinga. Kommunane må få tilnærma like godt utbytte av vindkraft som dei i dag får av vasskraft. Likeså må det utarbeidast faglege nasjonale standardar for etablering av vindmøllparkar — t.d. for avstandar mellom anlegg og busetnad. Slike standardar vil også kunne førebygge unødvendige lokale konfliktar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I Norge har vi lang praksis for eit vasskraft-regime som ivaretar lokalsamfunna sine økonomiske interesser med t.d. naturressursskatt, konsesjonsavgifter og konsesjonskraft. Dette gir vertskommunane for vasskraft gode og stabile inntekter.

På Lutelandet i Fjaler kan det i den komande fireårs-periode bli reist den første vindmølleparken i regionen. Den einaste faste inntekta Fjaler kan få av anlegget, vil i all hovudsak vere den kommunale eigedomsskatten.

Våge med kapellet

Foto: HK

Vi veit at vindmølleparkane krev landskapsinngrep og bandlagde areal. Dessutan er det ulike oppfatningar av i kva grad vindmøller er visuelt skjemmande med lyd- og lysforureining. I tillegg gir vindmølleparkane få faste arbeidsplassar utanom anleggsperioden. Venstre meiner at vindkraftutbygging har mange parallellar til vasskraftutbygging. Vi utnyttar ein evigvarande energiressurs i form av vinden som blæs og vatnet som renn. Og ressursane må utnyttast der dei er å finne. Det kan ikkje vere god politikk at lokal naturkapital skal stillast til disposisjon for kraftproduksjon utan høveleg godtgjersle til berørte lokalsamfunn.

Naturressursskatt vart innført på vasskraft for 12 år sidan. Ei liknande ordning må også kunne utformast og overførast – med naudsynte tilpasningar – til vindkraftsektoren. Skatten kan utformat slik at den ikkje medfører auka skattebelastning for utbyggar og dermed dyrare straum. I staden er det tale om ei vridning frå statleg til kommunal skattlegging.

Ferske målingar viser at Norge no har det høgste utsleppet av CO2 sidan registreringane starta i 1973. Dette er alarmerande! Venstre meiner at ein naturressursskatt for vindkraft både vil vere god klimapolitikk og god distriktspolitikk. Saman med faglege nasjonale standardar, og tiltak for å gjere det enklare å etablere små- og mikrokraftverk, vil naturressursskatt for vindkraft vere eit fornuftig steg mot eit meir mljøvenleg samfunn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**