Stor interesse på skulevaltorg på Bygland KVS

Torhild Austad frå Bygland Venstre og fylkessekretær Jan Kløvstad møtte elevane på Bygland VGS i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Torhild Austad på skolevaltorg

Foto: Jan Kløvstad

Mange av elevane var interesserte i Venstres politikk, stilte mange spørsmål og blei orienterte både om politikken og om kandidatane i heimkommunane sine.

Skulevaltorga er nye i denne valkampen, etter at dei politiske ungdomsorganisasjonane vart samde om å endre skuledebattane som har vore ein særs lite vellykka del av valkampane dei siste åra. I staden for tevling i skittkasting og ofte grumsete innlegg frå debattantar var det nå roleg og interessante samtalar etter initiativ frå ungdommane sjølve.

I dag var det valtorg også på Hornnes, og tysdag er det elevane i Valle og på Hovden som får besøk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**