Ny driv for Eid og Nordfjord

Venstre sin førstekandidat i Eid, Alfred Bjørlo, har i dag eit innlegg på trykk i Sunnmørsposten si faste valspalte «Duellen». Det er sitjande ordførar Sonja Edvardsen (Ap) som har det andre innlegget frå Eid i dagens avis. Alfred Bjørlo sitt innlegg er som følger:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alfred Bjørlo

Foto: Steinar Engeland

Venstre går til val på Ny vekst i Eid. Difor vil vi setje skulen først. Dei siste fire åra har skulane våre fått kutta driftsrammene sine slik at det kvart år blir litt mindre tid til kvar elev, litt færre lærarressursar og litt trongare i kvardagen. Det vil vi ha slutt på. Venstre vil satse på skulen.

Skal vi møte framtida, må vi sprenge dagens tronge kommunegrenser. Eid Venstre går til val på å invitere kommunane i Nordfjord med på å utgreie samling til større kommuner i Nordfjord, og setje oss høge mål for kva vi då kan få til saman.

Vi meiner Nordfjord bør setje seg eit felles mål om innflytting av 200 statlege arbeidsplassar dei neste ti åra. Vi vil lage ein «Samferdslepakke Nordfjord» der vi går saman om å få bygd både E39 Nordfjordbrua, 45-minuttsregionen og Riksveg 60 innan år 2020, pluss timesavgangar med buss aust/vest og nord/sør. Det er å knyte regionen saman i praksis.

Ei røyst til Venstre er ei røyst for pågangsmot, handlekraft og ny framtidstru i Eid, med ein tettare samanknytt region rundt oss. Eid og Nordfjord treng ny driv – og ny giv.

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**