Heimstaden min

Dette valet handlar om korleis heimstaden og lokalsamfunnet vårt skal være i framtida. Eg er utruleg glad i kommunen vår. Difor vil Venstre og eg sette folk først, og vere med å skape eit lokalsamfunn der alle får høve til å utvikle seg for seg sjølv og nærmiljøet sitt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Då må vi gi meir til dei svakaste. Det kan ikkje være slik at vi ikkje snakkar om dei borna som veks opp i fattige familiar. Ingen vel sin eigen barndom, og Venstre vil difor legge til rette for at dei får ein like rik oppvekst som alle andre. Da må vi gi disse barna et godt fritidstilbod, god oppfyljing i skulen og familien verdig sosialhjelp. Samstundes må vi skape nye arbeidsplassar, slik at fleire kjem i arbeid, og vi får skapt dei verdiane vi treng å skape for å sikre velferda. Nøkkelen til dette er å satse på og legge til rette for gründeren. Venstre vil støtte opp om dei som vil skape tenester, produkt eller opplevingar for seg sjølv og andre. Vi vil ha et kreativt og nyskapande samfunn. I dette ligg også eit fokus på reiselivet.

Ei anna viktig sak for Venstre her hos oss, er skulen. Ein skule for kunnskap og like muligheiter er ein skule med gode lærarar. Difor vil vi gi alle lærarar systematisk etter- og vidareutdanning, for at dei skal bli motiverte til å gi enda betre undervisning til elevane våre. Dagens skuleelevar er morgondagens vaksne. Difor må vi sette elevane først, og gi kvar enkelt elev den opplæringa han eller ho treng for å bli best på det eleven er god på.
I den samanhengen ynskjer vi i Venstre å fokusere mellom anna på den mykje omtala fleirbrukshallen på Mosflata. Det er på høg tid at ein finn ei god løysing for finansiering av denne og får realisert den. Eit anlegg som dette vil vere med å redusere på mange av dei negative sakene vi kan lese om i Møre Nytt kvar veke. Vi må kunne gi born og unge gode alternativ for aktivitetar i ei kommune som Ørsta. Fleirbrukshallen vil vere eit viktig element for positiv omdømmebygging og DET treng vi i Ørsta.

Venstre ynskjer et miljøvennlig samfunn, der det er lettare for kvar enkelt av oss å leve miljøvennlig. Det gjer vi ved å gjere det dyrare å forureine og billegare å velje miljøvennlig, samstundes som vi vil styrke kollektivtilbodet i hele landet, med billigare billettar, spesielt til ungdom, og hyppigare avgangar.

Eg og Venstre drøymer om at heimstaden min skal være et miljøvennleg samfunn som gir velferd når du trenger det, har en god skule for kunnskap og like muligheiter og legg til rette for kreativitet og nyskaping. Det er å sette folk først.

Godt val!

Gunnar Knutsen
Ørsta Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**