480 Venstrekandidatar i Agder

480 Venstrekandidatar stiller til val i Agder i år. Mange parti har nedgang i tal lister og kandidatar. Men Venstre stiller lister i 13 kommunar i aust, ein framgang på ein kommune frå 2007. I vest er det lister i 12 kommunar, som før.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I Aust-Agder står 219 kandidatar på kommunevallistene i Gjerstad, Risør, Tvedestrand, Vegårshei, Arendal, Tvedestrand, Grimstad, Birkenes, Iveland, Valle, Bykle og fellesliste med Høgre i Bygland. Vegårshei hadde liste forrige gong i 1991, Valle så langt tilbake som i 1975.

I Vest-Agder er det lister i alle kystkommunar pluss Songdalen, Vennesla, Marnardal, Kvinesdal og Sirdal. Berre Åseral, Hægebostad og Audnedal manglar venstrelister, men også der kan folk stemme Venstre i fylkestingsvalet. Til saman 263 vestegder stiller til val for Venstre.

På fylkestingslista i Aust-Agder står det 8 kandidatar som ikkje står på kommunelister, og med desse 8 er samla tal listekandidatar så mange som 4890, seier fylkesleiar Heidi Foyn Thomassen.

I denne valperioden har Venstre ordførarar i Grimstad og Flekkefjord, varaordførarar i Søgne, Lillesand og Fisør, formannskapsmedlemer i Gjerstad, Risør, Tvedestrand, Arendal, Grimstad, Lillesand, Iveland, Bykle, Kristiansand, Søgne, Marnardal, Lyngal, Lindesnes og Flekkefjord og kommunestyremedlemer i tillegg i Mandal og Bygland. I begge fylkestinga er det to Venstre-representantar, i Aust-Agder sit Venstre også i fylkesutvalet. Nå ser partiet gode sjansar for å kome inn i kommunestyra også i Valle, Vegårshei, Birkenes, Froland, Vennesla, Songdalen, Farsund og Kvinesdal.

Heidi Foyn Thomassen

Heidi Foyn Thomassen
Foto: Jan Kløvstad

– Det er klart vi er svært nøgde med det gode arbeidet med listestilling i lokallaga, seier fylkesleiaren. – I Aust-Agder har vi like mange lister som dei største partia. I vest er vi særleg nøgde med at lag i store kommunar som Farsund og Vennesla har så stor aktivitet og lovar så godt i lokalvalet 12. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**