Venstre vil setje ned skuleveggruppe på Radøy

– Radøy har mange farlege skulevegar. Venstre vil foreslå at ny trafikksikringsplan må utarbeidast så snart som mogeleg, og at det i den samanheng vert sett ned ei gruppe for å gå gjennom skulevegane. Dette seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Den eksisterande trafikksikringsplanen definerer dei strekningane som utløyser fri skuleskyss på grunn av farleg skuleveg i trafikksikringsplanen. Dersom foreldre søkjer om fri skuleskyss på grunn av farleg skuleveg for barn på andre strekningar, vert dette avvist av kommunen ved å vise til trafikksikringsplanen.
-Dette er ei uforsvarleg sakshandsaming, fordi Statens vegvesen har påpeika at trafikksikringsplanen til kommunen treng revisjon. Det er slett ikkje bra at spørsmål om fri skuleskyss vert avgjort ut frå ein forelda plan, seier Hervik.
Trafikksikringsplanen gjeld for perioden 2001-2012, og vart sist rullert i 2006. I følgje planen kan desse elevane få fri skuleskyss på grunn av farleg skuleveg: » Born i 1. og 2. klasse som kjem nordfrå langs Rv — 565 til Austebygd skule, får fri skyss grunna særleg farleg skuleveg. Elevar som kjem nordfrå etter riksvegen til Sæbø skule får fri skuleskyss. Alle elevar som bur frå Storheimstø og innover til grensa mot Lindås kommune, får fri skuleskyss grunna særleg farleg skuleveg.» Ingen elevar får fri skuleskyss på grunn av farleg skuleveg på Manger skule og Hordabø skule.

-Trafikkbiletet kan ha forandra seg mange stader i løpet av desse åra. Iallfall er det problematiske tilhøve ved alle dei fire barneskulane som ein bør gå gjennom på nytt. I nokre tilfelle kan enkle trafikksikringstiltak, som t.d. fotgjengarovergang, vere nok, medan andre tilfelle bør utløyse fri skuleskyss, seier Hervik.
Opplæringslova § 7-1: Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. Det er fylkeskommunen som har ansvar for organisering og finansiering av skuleskyssen, men kommunane som handsamar søknader om og finansiering av fri skuleskyss på grunn av farleg skuleskyss.

Kontaktinfo: Frode Hervik, 90565217

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**