Venstre på valtorg på Sygna

Torsdag 25. august hadde ungdomspartia i fylket valtorg på Sygna vidaregåande skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

valtorg Sygna

Foto: Råmund Nyhammer

Stort sett heile spekteret var representert — frå FrP til Rødt. Unge Venstre var til stades med 3.-kandidat på fylkestingslista, Aleksander Nygård Åsnes, Tuva Bardal frå Årdal og Synne Solheim frå Florø. I tillegg var Vigdis Tonning og Råmund Nyhammer der som representantar for moderpartiet; Vigdis for fylkes-Venstre og Råmund for lokalpartiet.
I den vesle gymsalen på Sygna var det full trøkk. Elevar kom og gjekk og fekk med seg brosjyrar og anna valmateriell frå dei ulike partia. Det ekstra positive var at mange stoppa opp og ville ha meir inormasjon om politikk og samfunn. Dei tre unge frå Venstre gjorde ein flott innsats med vidareformidling. Tusen takk til desse tre engasjerte og kjekke ungdommane våre!

Råmund Nyhammer,
lokallagsleiar Balestrand Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**