VALPROGRAM VOSS VENSTRE 2011 — 2015

SENTRALE SAKER
I tråd med lokale utfordringar og Venstres generelle politikk vil Voss Venstre leggja særleg vekt på :
– openheit i forvaltning og politikk
– næringsutvikling/verdiskaping
– miljø, klima og naturvern
– kultur
– gode oppvekstvilkår

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Konkrete einskildsaker:

– oppretthalda vernestatusen for Raundalsvassdraget
– nytt og større symjeanlegg
– ein miljøvennleg og vakker Vossevangen som god møtestad og regionsenter

UTVIKLING OG SAMARBEID!
Venstre er eit parti i sentrum i høve til høgre- og venstreblokka i norsk politikk, og står fritt i høve til ulike interessorganisasjonar.. Voss Venstre vil slik kunna samarbeida til begge sider for å få til framtidsretta løysingar i aktuelle saker. Venstre meiner det er viktig med eit maktskifte i høve til ein mangeårig Ap-, Sp- og SVdominans. Dette vil kunna gje ein meir aktiv politikk og større politisk interesse i bygda!

Samhold gir styrke

Foto: Jan Einar Henriksen

Politikarane må i større grad styra utviklinga av kommunen, og saksbehandling m.v. leggjast til rette for dette. Dei menneskelege ressursane i kommunestyret må kunna nyttast betre. Både fleirtals- og mindretalsgruppering bør derfor vera med i leiinga av utvala. Det må bli lettare for innbyggjarane å få fram sine synsmåtar.

VOSS – EIN MODERNE MILJØKOMMUNE !
Voss Venstre vil
– oppretthalda vernestatusen for Raundalsvassdraget
– prioritera gjennomføring av tiltak i den kommunale klima- og energiplanen.
– støtta etablering av eit tørkeanlegg for treavfall til bruk i varmeanlegg
– støtta auka bruk bioenergi
– gå inn for Vangsgata som einvegskjørt gate når Vangstunnellen er ferdig.
– arbeida for miljøvennleg transport og gode kollektive tilbod.
– vektleggja miljøtilpassing og lågt energiforbruk ved hytteutbygging.

Utenriks, miljø

Foto: Luth

Og sjølvsagt vil Venstre arbeida for mangfald i naturen, m.a. kulturlandskap og vassdrag, sikra og vedlikehalda naturområde og "grøne"lunger for innbyggjarar i bustadområde .

Livsvilkåra for framtidige generasjonar må ikkje øydeleggjast! . Dvs. eit klimavennleg samfunn, der klimaendringar og truslane mot livsviktige økosystem må takast på alvor både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Handling må skje no!

Venstre sentralt arbeider m.a. for.:
– nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen
– sterk satsing på fornybar energi
– grøn skatt, dvs. høgre avgifter på miljøfiendtleg åtferd, men lægre skatt på arbeid.

NÆRINGSUTVIKLING = VERDISKAPING!
Voss Venstre vil
– at kommunen skal vera aktiv i næringsutviklinga, m.a. gjennom
eit aktivt næringsfond og tiltaksapparat
eit nytt kommunalt, eller kommunalt-privat, tomteselskap
– eit aktivt kontaktforum for næringsliv og politikarar
– følgja opp næringsplan og reiselivsplan
– at kvar nyetablerar kan ha ein fast kontaktperson i administrasjonen
– arbeida for føreseielege ramevilkår så langt kommunen avgjer desse
– støtta kunnskapsbedrifter og kvinnelege gründarar
– redusera byggjeavgift for nyetablerar
– støtta utvikling av ein næringshage
– at kommunen så langt råd er nyttar lokale tenester og kortreiste varer
– opprusting Bergensbanen og betre materiell på Vossabana

Grunder

Foto: Microsoft

Vidare er det m.a. viktig med vidareutvikling av natur- og kulturbasert næringsutvikling, støtta studieopplegg basert på handlingsboren kunnskap(t.d. Ole Bullakademiet og Vestnorsk kulturakademi), stimulera til meir bruk av skogen og oppretthalda Voss som landbruksbygd.

Voss må få fleire fleire arbeidsplassar for at Voss skal oppretthalda og auka folketalet og vera eit velferdssamfunn også i framtida. Nyskaping i næringslivet er avgjerande — og det føreset m.a. eit samfunn med opne ordskifte, positive og framtidsretta ja-haldningar, ein god skule og eit aktivt kulturliv. Stadig fleire får høgre utdanning, dvs. at ei hovudvekt må leggjast på å få fleire kunnskapsbaserte arbeidsplassar. Personar med idear og kreativitet må støttast, og mennesket sine skapande evner må ha rom i skuleverk, kultur og næringsliv. Samarbeid mellom offentlege, private og organisasjonar er verdifullt og nødvendig.

Venstre sentralt arbeider m.a.for:
– gode vilkår for småbedrifter
– reduksjon i statleg regelverk på 25 %
– same sosiale rettar til næringsdrivande som for tilsette.

HELSE OG OMSORG
Voss Venstre vil arbeida for:
– systematisk oppfølging av plan for eldreomsorg
– betre fritids- og idrettstilbod for personar med nedsett funksjonsevne
– psykologtilbod som del av den kommunale helsetenesta.
– styrka rusomsorg og psykiatritilbod
– auka sosialhjelpnivå, i første omgang til statleg minstenorm
– leggja til rette for større mangfald av butilbod for eldre
– fleire sentrumsnære omsorgsbustader
– samordning ute- og inneteneste innan omsorg
Samhandlingsreforma vil setja store krav til kommunen i komande valperiode. Det må m.a. leggjast stor vekt på samarbeid, fleksibilitet og lokale løysingar.

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

Førebyggjande arbeid, samordning arbeid/skule og sosialhjelp, samordning barnevern – barnehage — skule er viktig. For eldre må det koma tilbod om frivillig heimebesøksordning for for vurdering av helse- og omsorgsbehov, tilretteleggjast for meir inviduelle tenester, f.eks. vaktmeistertenester, og breitt kultur- og fritidstilbod for eldre. Samarbeidet med frivillige organisasjoner om aktivitetstilbod til eldre må forsterkast.

Venstre sitt sentrale program understrekar at eit velferdssamfunn blir målt etter korleis det tar vare på dei som treng det mest. Det skal vera varm velferd når du treng det! Det er ikkje lenger viktigast å gje meir til alle, men å hjelpa einskildmenneske som treng det. Samstundes må det personlege ansvaret for eiga og andre sin livssituasjon haldast oppe og forsterkast.

Nærleik til behov og tiltak tilseier at kommunane i stor grad skal bestemma tiltaka, ikkje statlege reglar.

VOSS – EIN FØRSTEKLASSES SKULE- OG OPPVEKSTKOMMUNE!
Læraren er avgjerande for å ha ein god skule! Høg kompetanse og gode arbeidsvilkår er nødvendig. Det same gjeld pedagogane i barnehagane. Omfanget av testar, rapportar o.l. må reduserast, og rektor si tid må ikkje "drukna" i ymse vaktmeistertenester.

Venstre vil elles arbeida:
– godt inneklima i alle barnehagar og skular
– skulemåltid, helst med "kortreist mat"
– god lærardekning/lærartimeressurs
– systematisk etter- og vidareutdanning (m.a. ved eit "kompetanseår")
– skulestruktur sett i samanheng med busetnadsmønster
og ønskjeleg framtidsutvikling for bygda
– eit breitt tilbod i vidaregåande skular
– studietilbod på høgskule-og universitetsnivå

Bokstaver, skole, alfabet

Foto: Microsoft

Det trengst opprusting av inventar og læremiddel, tidhøvelege barnehagar og skulebygg, aktiv foreldre- og lokalpolitisk oppfølgjing av skulen.

Både for Venstre lokalt og sentralt er kunnskap, kompetanse, verdiar, haldningar og ferdigheter dei heilt sentrale elementa for demokrati, kultur og verdiskaping i Noreg. Barnehagen legg ein viktig del av grunnlaget for trygge, nysgjerrige og kreative barn. Opplæringa i skulen skal vera tilpassa den einskilde eleven sine evner og behov, og med kunnskap og kompetanse i sentrum. Skulen i Voss skal vera ein førsteklasses skule!

Venstre sentralt har m.a.
– prioritert kunnskap og forskning høgt i statsbudsjettet.
– føreslått mange tiltak for å redusera byråkratiseringa i skulen.

VOSS – KULTURKOMMUNEN !
VossVenstre vil arbeida for:
– aktiv satsing i det nye kulturhuset
– ombygging av den gamle kinosalen til ein god akustisk sal
– vidare utbygging av kulturskulen med "frysing" av avgifter
– eit kulturråd, med repr. frå aktuelle organisasjonar og instansar
– kulturplan med visjon og klare mål
– nytt og større symjeanlegg
– ta vare på det meste av Bømoen til friluftsføremål
Det er også viktig med auka støtte til lag og organisasjonar. Bygda treng eit fleirbruksanlegg for hest, motorsport, hund m.v..

Kultur, teater

Foto: Microsoft

Kultur er også vern av gamle bygningar, vern og vidareutvikling av kulturlandskap og byggjeskikkar. Tidstypisk arkitektur må ha sin plass. Estetikk må få ein større plass.

Kulturen i Voss er tradisjonsrik, mangfaldig og sterk, og ulike lag og privatpersonar spelar ein avgjerande rolle. Men det krevst innsats for å halda denne kulturen oppe, og vidareutvikla denne, særleg i høve til forventningar hos unge. Samarbeidet med lag og frivillige organisasjonar må styrkast.

For Venstre er kulturen ein vesentleg føresetnad for eit meiningsfylt tilvere for menneska. Også her er Venstre skeptisk til ei sterk statleg detaljstyring.

EIN OPEN, DEMOKRATISK OG AKTIV KOMMUNE !
Venstre vil arbeida for:
– at det er enkelt for innbyggjarane å få fram sine synsmåtar
– at offentleg informasjon skal vera lett tilgjengeleg for alle
– at forvaltning og politikken er prega av opne "rom" og debattar
– vedtaksprosessar der politikarane i større grad set dagsorden, m.a. ved å koma tidlegare inn i prosessane i store saker.
– at leiar og nestleiarverva i utvala blir fordelt både på fleirtals- og mindretalsparti.
– temamøte i kommunestyre og utval
– eit enklast mogleg regelverk for innbyggjarane
– eit aktivt ungdomsråd.
– eit godt samarbeid med organisasjonar og interesserte.

Gruppediskusjon . skole

Foto: Emil Pedersen

Voss kommune har mange gode planar. Vurdering av status og prioritering av tiltak må skje med regelmessige mellomrom, ikkje berre i samband med årsmelding og budsjett.

Samarbeid og samordning må skje på tvers av sektorar og saksområde, mellom kommune — fylkeskommunale – statlege styresmakter. Nært samarbeid nabokommunar og i regionen, også vestover mot Vaksdal og Bergen, er nødvendig.

Den kommunale økonomien må betrast. Drøfting av neste års budsjett og økonomiplan må starta tidlegare, og utvala må i større grad trekkjast inn i drøftingane.

Kommuneeigde selskap må følgjast opp i samsvar med vedtatt eigarskapsplan.

Venstre blei grunnlagt for å få gjennomført folkestyre i Norge. Folkestyre krev m.a. god og open informasjon og reell høve til medverknad og avgjerder. Makt skal byggjast nedanfrå!

Venstre sentralt
– går derfor mot stor makt i mektige organisasjonar eller kommersielle interesser
– ser den sterke statlege detaljstyringa som eit trugsmål mot eit aktivt lokaldemokrati.
– ønskjer at langt meir avgjerdsmakt skal førast tilbake til kommunane.

OG IKKJE MINST:
Voss skal m.a. vera ei bygd
– som er open og inkluderande for alle etniske og religiøse grupper
– med universell tilgjenge for alle innbyggjarar
– med aktiv tilrettelegging for bustadbygging. Fortetting i sentrum og utbygging i Raberget /og Vasslia skal prioriterast høgt.
– med styrka vedlikehald kommunale vegar
– med aktiv trafikksikring og gode gang- og sykkelvegar

Sykkelvei - skilt

Foto: TH

VENSTRE
er Norges eldste parti, og med same grunnleggjande ideologi som for vel 125 år sidan. Sentralt står trua på einskildmennesket og sosial-liberale idear, dvs. personleg fridom, menneskeleg kreativitet og sosialt ansvar. Denne ideologien tilseier også at Venstre alltid prøver å sjå målsetjingar og løysingar i høve til utfordringane i framtida.

Venstre er eit ope, raust, inkluderande og ansvarleg parti! Folk først — vi bryr oss!

Sentrale prinsipp i Venstre sin sosial-liberale politikk:
1. Fridomen skal gjelda overalt, for alle.
2. Det personlege ansvaret er ufråvikeleg.
3. Alle har ansvar for kvarandre, for miljøet og for komande generasjonar.
4. Verkeleg fridom føreset fellesskap og rettferd.
5. Alle er likeverdige, men ingen er like.
6. Politikk skal fremja livskvalitet og menneskeleg vekst.
7. Politisk makt skal koma nedanfrå.
8. Makt skal spreiast og balanserast.
9. Den liberale staten er upartisk, sterk og avgrensa.
10. Liberalismen er optimistisk og alltid på veg.

Vil du vita meir? Sjå heimesida til Voss Venstre; www.venstre.no/Hordaland/Voss eller ta kontakt med leiaren; Knut Olav Nestås, (41206132), eller førstekandidaten på lista; Torstein Gunnarson (911 71 590)

Stem Venstre!

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**