Og Venstre har tru på ungdommen sine meiningar og prioriteringar. Voss Venstre har slik m.a. arbeidd for å få eit aktivt ungdomsråd (Voss Venstres leiar Knut Olav Nestås var tidlegare leiar i ungdomsrådet ), for at det skal bli lettare for innbyggjarane å få fram sine synspunkt, føreslått stipend til "grundarar" av bedrifter, og Venstre sentralt arbeider for at 16- og 17-åringar skal få stemma ved vala.
Dermed har Venstre også klare målsetjingar på område mange ungdommar er opptatt av, m.a.:
Miljø:
– oppretthalda vernestatusen for Raundalsvassdraget
– gjennomføra tiltak for å få ned klimautsleppa i Voss
– betre buss- og togtilbod
– gode gang- og sykkelvegar
Næringsutvikling:
– støtta oppretting av nye bedrifter som treng personar med høg kompetanse
– støtta kvinnelege grundarar
Helse- og omsorg:
– betre fritids- og idrettstilbod for personar med nedsett funksjonsevne
– varm velferd for eldre når dei treng det
Skule og oppvekst:
– læraren er sentral, dvs. må få god etterutdanning og mindre papirarbeid.
– eit breitt tilbod i vidaregåande skular
– studietilbod på høgskule-og universitetsnivå på Voss
Kultur:
– breitt tilbod i det nye kulturhuset
– større tilbod i kulturskulen
– fleire tilbod for 16 18-åringar.
– nytt og større symjeanlegg
– ta vare på det meste av Bømoen til fritidsformål
Og: Voss skal vera ei god bygd for alle etniske og religiøse grupper!