Program for Sogndal Venstre 2011-2015

Venstre er det sosialliberale partiet i Noreg. Partiet er fritt for særinteresser og interessegrupper. Me har sterk tru på skaparevne, kreativitet og ansvarskjensla til menneska.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Venstre Logo Hamarøy Framtid Pike Optimist Sjarm Jente

Menneske som har fridom er i stand til å ta ansvar for seg sjølve, medmenneska sine og livsgrunnlaget til etterkomarane. Venstre setter FOLK FØR SYSTEM, FRIDOM OG FOLKESTYRE, VERDISKAPING I NOTID OG FOR FRAMTIDA.

VELFERD
Folk først

Venstre vil arbeide for auka livskvalitet for alle.
• Kommunane står ovanfor store endringar innan helsevesenet med "samhandlingsplan" og "distriktsmedisinsk senter". Me vil arbeida for at tenestene skal verta best mogleg og samlast. Venstre vil arbeide for konsekvensanalyse for nye SOS. Særs viktig vil det vere å få på plass fysioterapeutdekkinga . Eit anna ynskje kunne vera å få apotekutsal i samband med senteret.
• Dei eldre i heile kommunen må få best mogleg hjelp, anten heime eller på eldresenter.
• Helsesystertenesta må styrkjast for god oppfølgjing av born og unge, ikkje minst for dei i vidaregåande skule.
• Sogndal kommune bør ha sosial bustadsbygging for dei som har vanskar på bustadmarknaden.
• Venstre meinar velferda i kommunen best kan målast etter korleis me tek vare på dei svakaste.

SKULE
Det skal vera ein god skule for alle.

Difor vil Venstre satsa på læraren.
• Som skuleeigar er det kommunen med folkevalde som det øverste mynde som har ansvaret for skulane.
• Læraren er den viktigaste arbeidsreiskapen skulen har.
• Kommunen må hjelpe til at kvar skule har eller kan få tak i, den kompetansen elevane treng.
• Det gjeld sjølvsagt fagkunnskap, men også annan kompetanse for å utvikle alle elevar på best mogleg vis. Kommunen bør difor gje lærarane høve til vidareutdanning på ulike felt.
• Den overordna politiske prioriteringa skal vera å satse på læraren/førskulelæraren.
• Kommunen bør oppmuntre og samarbeide med det lokale næringslivet for tilrettelegging av lærlingeplassar.
• Likeeins vil Venstre arbeide for reell barnehagedekning i alle delar av kommunen.
• Sogndal er vertskommune for ulike skular. Venstre vil arbeide for at desse skal ha gode vilkår i regionssenteret.
• Å satse på læraren er å satse på eleven.

NÆRINGSLIV
Venstre vil ha grundarar

Næringslivet må ha høve til omstilling og nyskaping.
• Venstre vil at kommunen skal vera med å leggja best mogleg til rette for lokal næringsverksemd. Det bør vera godt for grûndarar å etablera seg.
• Likeeins skal det vera attraktivt for landbruket å utvikle ressursane sine.
• For å ta vare på eksisterande næringsliv og leggje til rette for nytt, vil Venstre ta bort eigedomskatt på driftsmidlar.
• Reiselivet har stort potensiale i Sogndal. Venstre ynskjer at naturbaserte friluftsaktivitetar (geoturisme) vert utvikla. Dette som tilbod i reiselivet og til glede for lokalsamfunnet.
• Venstre ynskjer at Sogndal utviklar statusen som regionsenter. Her er det viktig å ta vare på og utvikle KULTURHUSET, kultur er næring.
• Venstre vil ha ein kreativ og verdiskapande kommune med variert arbeidsliv.

MILJØ
Eit klimavenleg samfunn

Ei klimavenleg framtid handlar om eit betre klima or oss og borna våre
• Venstre vil at miljølova skal vere ein reell overordna lov. Då kommunen ikkje har miljøvernstilling, er det viktig at ein er bevisst dette. Vi skal forvalte naturen og ressursane og for komande generasjonar.
• Det bør leggjast til rette for at innbyggjarane kan nytta seg av den naturen dei er omgjevne av — om det er fjellet eller sjøen.
• Difor bør det t.d. leggjast til rette for betre parkering langsetter Sogndalsdalen. Dette kjem lokalbefolkninga og tilreisande til gode.
• Sogndal bør ha betre langtidsparkering ved ekspressbåten og skyssstasjonen
• Venstre vil tilretteleggje for sykkel- og gangstiar, få parkeringa under jorda, fleire epletre i sentrum og gjere noko med trafikktilhøva i Gravensteinsgata.
• Elles bør kommunen tenkje gjennom og gjere noko meir med reinsing av kloakkutsleppa i fjorden.
• Venstre vil at kommunen skal ha meir uavhengig arkitektkompetanse i utviklinga av regionsenteret.
• Det må alltid takast omsyn til grøntareal og leikeplassar for innbyggjarane.

KULTURHUSET
Sogndal kulturhus er viktig for regionssenteret.

Venstre vil sikra det økonomiske grunnlaget for eit mangfold av kultur i storstova vår.
• I kulturhuset bør det både skapast og framvisast kunst og kultur. Difor meiner Venstre at både kulturskulen og kunstgalleriet skal vera der.
• Biblioteket må få rom til å vera det informasjonssenteret og den møteplassen som er ynskjeleg.
• Venstre vil at storsalen i kulturhuset vert større slik som planlagt frå starten, då har ein høve til store arrangement. Dette kan vera med å sikre økonomien.
• Kultursjefstillingen bør gjerast meir synleg og i større grad knytast opp mot kulturhuset.

LOKALDEMOKRATIET
Lokaldemokratiet er bærebjelken i eit levande folkestyre.

Venstre ønskjer å styrke politikarane si rolle i høve til administrasjonen.
• Ein må arbeide for at kommunestyret får meir reell innverknad — slik det var meininga når ein la om organiseringa.
• Ein bør gå attende til fleire faste utval og 9 representantar i forvaltningsutvalet.
• Rådgjevande folkerøysting og høyringar bør vurderast som arbeidsverktøy.
• Openheit og innsyn i kommunal forvaltning skal vera tilstades i eit demokrati.

Mennesket tek ansvar om det får høve til å vera med å forme utviklinga — FOLK FØRST!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**