Venstre vil setje BARN OG UNGE FØRST

Vi bør tenke meir på barna i mange fleire saker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre vil vere på vakt ved bygging av ny Langevåg skule og Solevåg skule.
•Sjå til at alle aldertrinn vert tilgodesett med høvelege leikeplassar.
•Sjå til at lover og reglar for utearearela for grunnskulen vert fylgd opp.

Ved planlegging av nye byggjefelt skal det takast OMSYN TIL BARNA.
•lett tilgang til gode og tilpassa leikeplassar.
•leikeplassane skal vere trygge og gode å bruke for barna.
•alle skal ha best muleg tilpassa areal for sin idrett.
•vi nemner spesielt skaterampe som det i dag er lite tilrettelagt for.

SKULEVEGEN skal vere trygg.
•Venstre vil arbeide for at skulevegen er trygg for alle.
•uoversiktlege og fårlege kryssingar må bort frå skulevegen.
•mange barn får lengre skuleveg.
•dette krev investeringar for å trygge barna våre på veg til skulen.

Styrke stillinga til barna sin TALSPERSON i plansaker.

Venstre vil ha sunn og variert KOST på SFO og i barnehagane i kommunen.

Venstre vil gjere skulen STERKARE OG TRYGGARE
•med fleire lærarar.
•Med etterutdanning og kompetanseheving.

HELSESTASJONEN må få nok ressursar til at
•barn og unge har god tilgang til kontakt med helsepersonell i skulen
•barn og unge får nok hjelp med sine spørsmål og problem.

Venstre vil at Sula skal ha EIT LEVANDE KULTURLIV
•auka støtte til lag og organisasjonar
•støtte til musikkfagleg folkehøgskule i Sula.
•meir ressursar til musikkskule og bibliotek
•kulturelle integreringtilktak for innvandrarbarna
•utvida fritidsklubbtilbod

Listekandidatar frå Venstre

Wivi-Ann Digernes og Ove Kaldhol

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**