Program for Seljord Venstre 2011-2015

Mennesket først!
Venstre set enkeltmennesket sitt ve og vel over systemet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre er eit sosial-liberalt parti,
ubunde av særinteresser og sosiale klasser
.

Venstre meiner:

Studenter, høgskole, universitet, studier

Å satse på læraren er å satse på skulen
Seljord treng ein skule med kunnskapsrike og fagleg sterke lærarar for at alle elevar skal få best mogeleg undervisning frå første dag! Lærarane må få betre høve til etter- og vidareutdanning for å halde seg fagleg oppdatert og for å møte stadig nye krav og pålegg.

Nei til nedlegging av Åmotsdal skule!
Så lenge elevtalet er akseptabelt, og foreldra er fornøgde med skulen, er det ikkje aktuelt med nedlegging.

Samhandlingsreforma
vil føre til store omstillingar innanfor helsevesenet i Seljord, både fagleg og økonomisk, og det vil bli nødvendig å styrkje det interkommunale samarbeidet. Dei tilsette må få ei god etter- og vidareutdanning.

Jente som hopper

Betre folkehelse
Friluftsliv, kultur, sunt kosthald — alt som gir livet kvalitet, fremjar folkehelsa.
Frivillig organisasjonsarbeid der einskildmennesket tek ansvar, må derfor trekkjast inn i arbeidet for å fremje folkehelsa. Gjennom Seljord sine mange aktive lag kan kvar og ein av oss engasjere seg og ta del i meiningsfylte aktivitetar.

Samhandling mellom kommunen og frivillige organisasjonar gir betre utnytting både av dei økonomiske og dei menneskelege ressursane. Derfor må kommunen støtte dei frivillige organisasjonane på ulike vis der det høver.

Bedriftsbesøk GreenBusiness

Næringslivet
treng kompetanseheving og utvikling. Kommunen må vere pådrivar for å få til ei rådgivingsteneste med høg kompetanse for dei som vil skape sin eigen arbeidsplass, både i oppstarten og seinare med oppfølging. Dette kan skje ved etablering av næringshage og ved eit tettare interkommunalt samarbeid.

Innanfor primærnæringane må kommunen støtte opp under både tradisjonell og nyskapande verksemd på ulike felt tilpassa lokalt natur og miljø.

Nei til eigedomsskatt!
Desse skattepengane vil berre løyse dei økonomiske problema på kort sikt, og vil verke svært negativt for næringslivet i Seljord.

Nytt bibliotek
skal prioriterast ved nye investeringar. Ei god bibliotekteneste er viktig for så vel innbyggjarane i kommunen som barnehagen og skulane i bygda.

Allemannsretten
Venstre vil sikre allemannsretten til fri ferdsel i standsoner og vil verne om sårbart dyre- og planteliv.

Sommarjobb for ungdom
Kommunen må halde fram med det viktige arbeidet det er å skaffe sommarjobb til ungdom. Det er viktig at dei får prøvd seg i arbeidslivet, og såleis oppleve at det er bruk for dei.

Musikkinnslag Miljøprisen 2009

Kulturbygda Seljord, ein god stad å bu!
Venstre ynskjer eit inkluderande samfunn med eit sterkt og variert kulturliv i heile kommunen. Det kommunalt drivne og det frivillige kulturlivet utfyller kvarandre på ein fin måte, med Granvin kulturhus som ein sentral arena for dei fleste.
Venstre ser også at både Seljord Folkehøgskule, Dyrsku’n med sine ulike aktivitetar og arrangement er viktige i denne samanhengen.
Økonomisk støtte til kulturlivet er såleis ei støtte til trivsel for alle seljordingar.

Noko du saknar?
Start ein diskusjon eller sei meininga di på Facebook-sida vår,
eller ta ein titt på www.venstre.no

Borgny S. Tøfte

Borgny S. Tøfte

Seljord Venstre kommunevalet september 2011

1. Borgny Slettemoen Tøfte, 3840 Seljord
2. Margit Karlsen-Rinde, Åmotsdal
3. Stig Høgetveit, 3840 Seljord
4. Bjørg Oseid Kleivi, Åmotsdal
5. Aasmund Høgetveit, 3840 Seljord
6. Aud Kvaale, 3840 Seljord
7. Gunn Asborg Botnen, Vefall-Brekke
8. Peder Johannes Lindhjem, 3840 Seljord
9. Iselin Børsheim Stundal, 3840 Seljord
10. Georg Dagfinn Noraberg, 3840 Seljord

Engasjer deg! Stem Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**