Framtida til Orkdal sjukehus er viktig både for Orkdal og nabokommunane, og i Orkdal er det heldigvis ikkje mykje usemje mellom politikarane om at det er viktig å slåss for sjukehuset. Småbylista Orkdal sitt innlegg i ST 18.aug. peikar likevel på vesentlege forskjellar i veljarane sine alternativ i Orkdal: «Politikere med både formell og uformell makt må kjenne sin visitt-tid for Orkdal sjukehus» står det i innlegget. Dei politiske partia som stiller lister i Orkdal har representantar både på lokal-, fylkes- og landsnivå som kan påverke saker formelt og uformelt, mens bygdelistene har få andre moglegheiter enn lokale protestar. Som oppslaga i ST dei siste dagane har vist, blir avgjerer om sjukehuset no teke høgt over kommunen.
Tilbodet ved Orkdal sjukehus er berre eitt eksempel på saker som er viktige for Orkdal, men der lokalpolitikarar har lite formell makt til å påverke. Vilkåra for smelteverka i Orkdal og tilbodet ved Orkdal vidaregåande skole er andre ferske og viktige saker der avgjerdene blir teke på høgare nivå. I slike saker kan lokalpartia påverke gjennom partikanalane oppover til dei som bestemmer, mens bygdelistene sine moglegheiter til påverking er mindre. Bygdelister kan vere viktige tilskot i lokaldemokratiet og den lokale debatten. Men for veljarane er det ikkje berre viktig kva vi lokalt meiner i dei enkelte sakene det er også viktig kva moglegheiter vi har for å gjennomføre politikken!
Lavrans Skuterud, 3. kandidat Orkdal Venstre
Christian Bonvik, 2. kandidat Sør-Trøndelag Venstre