Kva vil ditt parti gjere for å få på plass ein ny kommunal barnehage i Alversund?
Svar:
Venstre vil byggja ny barnehage når behovet tilseier det. Me har ikkje tatt stilling til om han skal vera kommunal eller i privat regi.
Kva vil ditt parti gjere for å sikre økonomien i barnehagane i kommunen?
Svar:
Regjeringa har lagt midlane inn i rammeoverføringa frå staten mot at det tidlegare kom som øyremerka tilskot. Venstre vil prioritera at barnehagane får driftsmidlane som skal til for å løysa oppgåvene i samsvar med dei lovar og forskrifter staten til ei kvar tid vedtek.
Me er oppteken av at barnehagane skal handsamast likt og at dei kommunale barnehagane inntil vidare skal vera buffert ved opptaka.
Korleis vil ditt parti prioritere barn og unge?
Svar:
Ved å byggja skular og barnehage etter behov inklusiv ny ungdomsskule i Alversund/Knarvik. Om ungdomsskulen og barneskulen i Knarvik må byggjast i denne eller neste periode avheng av statlege prioriteringar (tunnel Isdalstø-Knarvik) og om ein vel kortsiktige eller langsiktige løysingar (ungdomsskulen).
Auka kulturbudsjettet. Utvikla Knarvik som regionsenter inklusiv kulturhus. Motorsportsenter i Kjevikdalen.
Kva vil ditt parti gjere for at elevar og tilsette skal få ein forutsigbar skulekvardag/skuleframtid?
Svar:
Svaret på dette følgjer både av førre svar og av svar på andre spørsmål seinare. Det viktigaste me må læra av det som har skjedd er at endringsprosessar om struktur, anten det er skulestruktur eller leiarrolla/andre administrative endringar, må gjerast på ein mykje meir open og inkluderande måte enn det som skjedde i inneverande periode.
Skal ein kunne gjera det ein skal i skulen, formidla og læra, så må det vera mest muleg arbeidsro. Då må endringsprosessane vera så ryddige som dei skal etter lov- og avtaleverk.
Kva er ditt parti sine planar for skulane i Lindås framover?
Svar:
Venstre vil omgjera vedtaka om å leggja ned skulane på Kløvheim, Skodvin og Festo. Me meiner dette basistilbodet som skule er, skal skje så nært råd er. Venstre er open for at det kan skje i kommunal regi, eller i kombinasjon av privat og offentleg regi, og at skulen på Festo vert flytta til Myksvoll.
Venstre står på dei planlagde investeringane som er gjort i inneverande periode. Ny barneskule i Knarvik må koma før tunnelen Isdal-Knarvik kjem, samt at da på sikt må byggjast ny ungdomsskule i Alversund/Knarvik, jf tidlegare svar.
Kva vil ditt parti gjere for at dei som har sin kvardag i skulen skal få gode arbeidstilhøve?
Svar:
Venstre vil styrka skulane si sjølvstendige rolla ved at rektor får økonomi- og arbeidsgjevaransvar. Elles må ein syta for at bygga er som dei skal vera og at tilgangen på lære- og undervisningsmidlar er tilfredsstillande.
Kva vil ditt parti gjere for å avhjelpe situasjonen med sprengde skular?
Svar:
På kort sikt er situasjonen oversiktleg. I løpet perioden vil problemet auka på. Då må me ha nybygg, jf tidlegare svar.
Kva vil ditt parti gjere for at eksisterande skular ikkje skal forfalle grunna dårleg vedlikehald?
Svar:
Følgja vedlikehaldsplanen, og vurdera om det er særskilte behov som må stettast i tillegg.
Kva vil ditt parti gjere for at elevane skal få varierte tilbod i friminutta, både på skuleplassen og i terrenget?
Svar:
Me vil at kommunen skal følgja dei lovar og reglar som gjeld, og at ein nyttar dei samarbeidsfora ein har på den einskilde skule for å bli samde om kva som er best ved den skulen.
Kva meiner ditt parti om denne tidsbruken, der krav til testar mm tar av tida som burde gå til arbeid med undervisninga i klasserommet og arbeid med barna på avdelingane?
Svar:
Venstre sin partileiar, Trine Skei Grande, tok i partileiardebatten på Nrk/TV2 23.08 opp nettopp dette tilhøvet med at regjeringa pøsar på med nye pålegg slik at skjemaveldet aukar og aukar. Me vil redusera dette.
Venstre vil også styrka lærarrolla ved å auka ressursane for helsesøster og spesisalpedagogar slik at lærarane kan gjera det dei er best på- å formidla kunnskapar, haldningar og ferdigheiter. Me vil ha underveisvurderingar og betra høva for kontakt mellom lærar og elev.
Kva vil ditt parti gjere for at Lindås kommune skal oppfylle kravet om rett til spesialundervisning (Opplæringslova §5)?
Svar:
I hovudsak er kommunen flink til å følgje opp retten til spesialundervisning, skal ein døma etter talet på klager. Det kan vera at me har forbetringspotensiale, og då særskilt i høve elevane som treng større utfordringar.
Kva vil ditt parti gjere for at det skal bli attraktivt å arbeide med barn i Lindås kommune?
Svar:
Me oppfattar i utgangspunktet at kommunen er ein attraktiv arbeidsgjevar, også for dei som arbeidar med barn og unge. Som andre har me rekrutterings- og stabiliseringsproblem, og dei må me saman med arbeidstakarorganisasjonane arbeida konstruktivt med.
Vil ditt parti gå inn for å auke midlar til vidareutdanning i skule og setje av midlar til vidareutdanning i barnehage?
Svar:
Venstre vil ha eit kompetanseår for lærarar. Det er vårt langsiktige mål. På vegen dit vil me forbetra eksisterande ordning for vidareutdanning med å utvide ordninga.
Kva vil ditt parti gjere for at ein skal nå måla i HMT-prosjektet for nærvær og reduksjon av sjukefråver 2010-2013?
Svar:
Venstre har forventningar til at når organisasjonen har fått kjerneverdiane våre om kvalitet, framtidsretta, tenesteviljug og inkluderande, "under huda", så vil da føra til eit betre arbeidsmiljø med redusert sjukefråver som konsekvens. Å få ein organisasjonskultur kor dette er rettesnora for det me gjer er eit felles ansvar.
Kva vil ditt parti gjere for at kommunale arbeidsplassar skal ha "arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meiningsfylt arbeidssituasjon" (AML)?
Svar:
Dei kommunale leiarane har eit særskilt ansvar for at arbeidsmiljøet er helsefremjande og meiningsfylt, men det ligg også til den einskilde å ta initiativ for at det skal vera slik. Her må også kjerneverdiane våre vera styrande.
Det viktigaste er at det er samsvar mellom ressursar og oppgåver.
Elles må me nytta samarbeidsorgana våre, syta for at bygga våre er utforma slik at dei tilfredsstillar krava og at vi følgjer opp lov- og avtaleverk. Både dei psykiske og fysiske krava til arbeidsmiljøet må stettast.
Kva vil ditt parti gjere for at vikarsituasjonen skal bli betre?
Svar:
Dette er eit område dei fleste kommunane slit med sidan staten sine krav til kva oppgåver som skal løysast overstig det talet med rett kompetanse som er tilgjengeleg. Me meiner at vikarpool kan vera eit tiltak å vurdera.