Svar på spørsmål frå Nordhordland

Svar på spørsmål frå Nordhordland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Vil partiet ta opp saka om skulenedlegging?

Svar:
Venstre vil ha omgjort vedtaket om nedlegging av skulane på Kløvheim, Skodvin og Festo fordi me meiner slike basistilbod skal vera i nærmiljøet. Me trur på ei positiv utvikling for Lindås, og for lokalmiljøa kor fleirtalet med overvekt på ei røyst, valde å leggja ned skular førre sommar. Me er opne for å driva skulane i kommunal regi, eller i ein kombinasjon av privat og offentleg regi. Me er også opne for å flytta skulen frå Festo til Myksvoll.

Kva meiner de er den største utfordringa på skulesektoren?

Svar:
Den største utfordringa i skulen, forutan nye skulebygg, er å sikre arbeidsro slik at lærarane og andre kan konsentrera seg om den viktige gjerninga dei har- å medverka til at borna våre utviklar seg til heile menneske gjennom kunnskapar, haldningar og ferdigheiter.

For å medverke til dette må kvar skule ha ein rektor som også har økonomi- og arbeidsgjevaransvar. Skulebygga må rustast opp slik at dei stettar krav til tidsmessige arbeidstilhøve både for tilsette og borna. Ressursane til undervisningsmateriell/læremidlar må aukast.

På investeringssida er det særskilt barneskulane på Seim og i Knarvik som må prioriterast, mens ny ungdomsskule i Alversund/Knarvik vil vera naudsynt når elevtalet aukar utover kapasiteten til skulen.

Kva grep vil partiet ta for å sikra næringsutvikling som ikkje er knytt til Mongstad?

Svar:
Venstre meiner det å ha regulerte areal for bustad- og næringsutvikling i heile kommunen er det viktigaste einskildtiltaket for å skapa nye arbeidsplassar og auka folketalet. Elles er det mange ulike faktorar som har innverknad på kor ein vel å etablera og å busetja seg, m.a. må skular, barnehagar og annan infrastruktur vere på plass.

Me meiner at det å utvikla tenestetilbodet i dei tre sentra våre på Lindås, Ostereidet og i Knarvik er sentralt for utviklinga av kommunen, og for at folk skal ha høve til å busetja seg der ein ønskjer.

I den komande perioden må regionsenteret vårt utviklast med funksjonar som høyrer heime i eit senter for Nordhordland, t.d. kulturhus og symjeanlegg. Me må auka tryggleiken for borgarane med å få på plass eit distriktsmedisinsk spesialisthelsetilbod.

Skal vi auka lysten til å etablera seg/utvida aktiviteten, og busetja seg i vår flotte kommune, må ein redusera reisetida til Bergen (Nordhordlandspakken), og det må vera høve til å parkera og å reisa kollektivt raskt og effektivt med båtbuss eller buss.

Kva meiner de bør vera dei største satsingsområda innafor næringsutvikling?

Svar:
I tillegg til det som er nemnt under føregåande spørsmål vil me satsa på å utvikla samarbeidet med næringslivsorganisasjonar i og utafor kommunen slik at me får meir aktivitet i kommunen og til Nordhordlandsregionen.

På Mongstad vil me særskilt arbeida for å få storhamn på plass, at teknologiutviklinga må fullførast og sikre vassforsyninga slik at aktiviteten kan aukast.

Det siste me vil trekkja fram er alle dei kommunale investeringane i tilrettelegging av bustadfelt, skular, barnehage og eldreomsorga som bidreg til å auka aktiviteten i næringslivet.

Kva meiner partiet om planane om småflyplass på Erstadfjellet?

Svar:
Venstre seier nei til småflyplass på Erstadfjellet, og vil røysta mot om det blir tema for det nye kommunestyret. Erstadfjellet er eit særs viktig friluftsområde for nærmiljøet, og som del av eit større rekreasjonsområde i kommunen. Slike område kjem til å bli viktigare framover etter kvart som folketalet både i Alversund og kommunen aukar. Venstre ønskjer å samarbeida om å finna løysingar for flyklubben sine ønskje, men ein annan stad der miljø- og friluftsinteressene er vesenleg mindre enn på Erstadfjellet.

Korleis vil partiet sikra eit best mogleg miljø for barn og unge?

Svar:
Venstre sitt utgangspunkt er at det er borna og ungdomen sjølv som saman med foreldra har ansvaret for at dei har ei kvalitetsfylt fritid fram mot det å bli vaksen. Kommunen skal leggja til rette for at ein kan delta i organiserte og "uorganiserte" fritidsaktivitetar.

Sett under eitt har me gode oppvekstvilkår i kommunen, og born og unge har mange valmuligheiter. Men, me kan heilt klart bli betre. Anten det gjeld anlegg, kulturtilbod/møteplassar eller høve til å driva med akkurat den aktiviteten ein ønskjer.

I høve samanliknbare kommunar i Hordaland er det største saknet eit kulturhus med kino og mange ulike funksjonar, eit symjeanlegg og andre møtestader for "uorganisert" aktivitet for ungdommen. Eit motorsportsenter i Kjevikdalen vil og vere positivt.

For å styrkja kommunen meiner Venstre at det er viktig å utvikla samarbeidet med Ungdomsrådet.

Kvar bør Skysstasjonen i Knarvik liggja i framtida?

Svar:
Skysstasjonen bør liggja slik at han styrkar bruken av kollektive transportmidlar i form av buss, båtbuss og ei framtidig bybana. Han må dimensjonerast etter dette. Så får prosessen fram mot denne avklaringa avgjera kor skysstasjonen skal lokaliserast.

Korleis meiner de trafikken gjennom Knarvik sentrum skal løysast på best måte?

Svar:
På kort sikt må me få på plass den siste rundkøyringa slik at trafikken flyt betre og vert sikrare. På lengre sikt må me få ei tunnelløysing som gjer at trafikken på E 39 vert leia utanfor sentrum slik at me kan binda saman regionsenteret.

Kva er det viktigaste miljøtiltaket som partiet vil setja i verk i Lindås?

Svar:
For Venstre er det viktig at miljø og næringsutvikling går hand i hand. Å få til rimeleg innfartsparkering i Knarvik, i offentleg regi, som stettar eit framtid behov for at kollektivtransport med båtbuss, buss og bybana vert den reisemåten folk flest vel mellom Nordhordland og Bergen.

Det vil skapa ein vinn-vinn-situasjon ved at næringslivet får betre rammevilkår gjennom kortare reisetid og dermed aukar verdiskapinga i regionen. Det aller viktigaste med dette, forutan at alle også får reinare luft å pusta i, er likevel at det vil forandra måten me som privatpersonar tenkjer på. Å tenkja globalt og handla lokalt får ny næring når me får til denne snuoperasjonen.

Korleis stiller partiet seg til kommunesamanslåing- evt. storkommune i Nordhordland? Ei kort grunngjeving.

Svar:
Ja, men inntil ei eventuell samanslåing skjer vil me utvikla samarbeidet med dei kommunane som vil samarbeida med oss om å levera betre tenester enn me kvar for oss er i stand til.

Me ser det slik at regjeringa indirekte gjennom sine pålegg, som samhandlingsreforma og ulike kompetanse- og sakshandsamingskrav, skuvar på ein slik prosess. Venstre meiner at kommunesamanslåing bør skje som følgje av ei større forvaltningsreform kor staten overførar makt og mynde til kommunane og fylkeskommunane. Det vil auka lokaldemokratiet, gjera tenestetilbodet betre og redusera byråkratiet.

For Venstre er føresetnaden for å lukkast at pengane følgjer med, og at regjeringa syter for at ein ikkje vert straffa økonomisk for å slå seg saman.

Trekk fram dei tre viktigaste sakene for ditt parti dei neste fire åra.

Svar:
Utvikling av sentra våre i Knarvik, på Lindås og Ostereidet. At det er tilgjengeleg bustad- og næringsareal i alle krinsane. Eldreomsorg med bygging av Lyngtunet og vidareføring av samarbeidet med Lindåstunet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**