Småbedrifter: Eit kreativt og verdiskapande lokalsamfunn

For Venstre er det eit politisk mål at det skal vere enkelt å starte, drive og eige næringsverksemd i Noreg. Landet vårt treng mange nye bedrifter framover, og kommunane treng menneske som er villige til å satse og skape arbeidsplassar. Slik kan vi utvikle eit allsidig næringsliv og levande bygder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

papir

Foto: Tonje Løwer Gurholt

Skal vi lukkast med det, må vi legge til rette for at fleire vil starte for seg sjølv. Venstre kjempar derfor betre vilkår for gründarar og småbedrifter.

Vi ønskjer å fjerne alle diskriminerande reglar og ordningar for sjølvstendig næringsdrivande. Vi vil minske dei administrative kostnadene for småbedriftene som følgje av eit detaljert regelverk og skjemavelde. Når vi reduserer dei administrative byrdene for bedriftene, frigjer vi tid og ressursar som i staden kan brukast til å vidareutvikle bedriftene. Norsk næringsliv brukar 54 milliardar kroner på rapportering som følgje av norske reglar og skjemabelastning. Venstre meiner mykje av dette er meiningslaus bruk av ressursar som først og fremst tener eit stadig veksande statleg byråkrati.
Venstre meiner at dei som vel å starte opp for seg sjølv skal oppmuntrast og stimulerast, ikkje straffast. Venstre meiner kommunen skal bidra til å sikre næringsareal/-lokale til nyetablerarar på gunstige vilkår i ein etableringsfase. Vi vil at det blir skipa eit eige etablerarfond og at kommunen set av midlar til dette fondet. Venstre vil ikkje auke den kommunale eigedomsskatten men øyremerke deler av denne skatten til det eksisterande næringsfondet.

Venstre ønskjer å gjennomføre ein politikk basert på respekt for dei som satsar på å skape verdiar og nye arbeidsplassar. Det gjer vi fordi vi ser det som ei investering i framtida.

Ragnar Eimhjellen
1.kand. Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**