Ordførarkandidat Bjørn Arne Mjåseth

Bjørn Arne Mjåseth har fått fritak frå formannskap og kommunestyre frå våren 2013 og ut perioden. Askvoll Venstre vil takke Mjåseth for god innsats for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Askvoll Venstre sin ordførarkandidat, Bjørn Arne Mjåseth

Askvoll Venstre sin ordførarkandidat, Bjørn Arne Mjåseth

Bjørn Arne Mjåseth kjem frå Atløy og er sjølvstendig næringsdrivande. Han driv daglegvarebutikk. Har vore to perioder i kommunal politikk. Ordførarkandidaten vår har stor interesse for kvaliteten på det kommunale tenestetilbodet.

Bjørn Arne sine hjartesaker:

– Kvalitet på tilbodet til innbyggjarane innan skule og pleie og omsorg. Betre læremateriell innan skule og barnehage. Meir omsorg innan eldretenesta.

– Samferdsle. Fastlandssamband til Atløy, rassikring rv. 609. Etablering av kystvegen. Ha eit godt tilbod til øyane både person og godstransport.

– Næringsutvikling – utnytte moglegheitene ved Dalsfjordbrua og Lutelandet. Sikre moglegheiter for bustadbygging for å sikre vekst i kommunen.

Askvoll Venstre:
Fridom for den einskilde og ansvar for kvarandre er grunntanken i Venstre sin sosial-liberale politikk. Det ideologiske grunnsynet vårt er tufta på demokratiet som styreform, med vekt på desentralisering, deltaking og ansvar. Venstre sine politikarar i Askvoll er innbyggjarane sine tillitsvalde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**