Innstillinga vår er heilt i samsvar med rådmannens forslag.
Tomta har godkjent reguleringsplan med arealformål til kombinert bebyggelse, bla. institusjoner”.
Denne saka inviterer til nytenking i geografi og rekkefølge. I den vedtatte omsorgsplanen såg bystyret på samanbygging av Solhaug og Margrethestiftelsen kombinert med nødvendig grundig ombygging av Solhaug som viktig. Det gjer vi fortsatt. Men vi kan kome fortare i gang med heilt nødvendige plassar for heildøgns omsorg på den 14 mål store tomta ved Myratunet, tvers overfor idrettsparken og Sam Eydes videregående skole. Det er fire forhold som gjer at vi snur på rekkefølga:
1. Da helse- og omsorgsplanen blei behandla og vedtatt var det uklart om vi hadde tilgang til den fine tomta på Myra. Det har vi nå.
2. Vi har fått vite at betongkonstruksjonen på Solhaug er mykje, mykje betre enn det var frykta, og total ombygging der er slett ikkje nødvendig. MEN vi fortsetter med å planlegge å bygge ut i eller like ved dei eksisterande Solhaug og Margrethestiftelsen i framtida.
3. Tilskotsordningane i Husbanken er også eit argument for å bygge nytt i staden for å gjere om på gamalt som det ikkje er nødvendig om totalrenovere likevel.
4. Det er fornuftig å starte prosessen med nytt og større produksjonskjøkken. Myra er eit godt utgangspunkt for transport av råvarer inn og gode middagar ut.
Eldrerådet har også behandla saka, og vil helst ha utbygging av Solhaug og Margrethestiftelsen. Vi er samde med eldrerådet om langsiktig plan. Vi ser behovet for mykje betre og større fellesrom for bebuarane på Margrethestiftelsen. Men som nemnt, bygget Solhaug er langt betre enn frykta. Og når målet er å skaffe fleire heildøgns omsorgsboliger straks og med ein gang og med det samme, kan vi kome mykje fortare fram til målet ved å starte på Myra.
I komiteen var det brei semje om dette. Atle Svendal tok opp problem med inneklimaet på dagens Myratunet i sommar med 26-27 grader inne på dei varmaste dagane. Komiteen meiner at det vedtaket vi innbyr bystyret til i dag ikkje svekkar sjansane for utbygging ved Saltrød Bo- og omsorgssenter seinare. Og Atle Svendals forslag blei tatt opp som eiga sak under politisk verkstad og oversendt administrasjonen for å finne løysingar også på den utfordringa.
Med dette tilrår eg bystyret om å vedta innstillinga, for å kome raskast mogleg fram til målet: fleire heildøgns omsorgsplassar.
Forslaget blei einstemmig vedtatt.