Nye masseuttak

Lesarinnlegg i Hallingdølen 23. august

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Eg viser til Birger Bolstad si ytring i Hallingdølen tysdag 16. august. Her utfordrar han politikarane i Ål til å tone flagg, spesielt i saka omkring det planlagde masseuttaket vest for Lya på Torpo. Saka føyer seg inn i rekkje av tilsvarande debattar, både i Ål og andre kommuner i Hallingdal, der utbygging av industriareal kjem i konflikt med den lokale busetjinga. Politikarane står overfor vanskelege val, der mange omsyn må leggjast på skålvekta for og i mot.

Frå næringspolitisk side kan ein m.a. spørje seg:
· kor samfunnstenleg er næringsformålet?
· omfattar tiltaket eksisterande eller nye arbeidsplassar?
· kva behov er det i marknaden for det nye tiltaket?
Som motvekt vil andre omsyn måtte reknast inn, som:
· kva natur- og miljøskadelege konsekvensar vil kunne påreknast?
· kor stor ulempe vil tiltaket medføre for busetjinga, og kva er akseptabel tolegrense? Kor «lydtett» skal eit bumiljø vera?

Deretter kan ein spørje seg, dersom ein ynskjer ei gjennomføring av tiltaket: kva regulerande tiltak kan politikarane påleggje som alle partar kan leva (godt) med?

Ål Venstre meiner, ideelt sett, at levande bygder ikkje berre treng folk som bur der, dei treng også næringsaktivitet. Ikkje berre eit aktivt landbruk, men også servicenæringar og industri.

Som eit førebels svar til Bolstad må difor konklusjonen i denne omgangen bli at det er viktig at høyringsretten i slike saker blir brukt, slik at politikarane ved den endelege, politiske handsaming har eit fullstendig faktums- og interessegrunnlag å byggje på. Dette er i tråd med god demokratisk tradisjon, og så langt Ål Venstre ynskjer å binde seg no.

Fyrstekandidat for Ål Venstre,
Ove Bråten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**