Kommuneval i all si prakt

Lesar-innlegg i Hallingdølen 25. august

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Som 3.-kandidat på Ål Venstre si liste til kommunestyret, har eg meir eller mindre fått kniven på strupen.
Eg må skrive lesarinnlegg. Eg må selja meg sjølv og Venstre på ein overbevisande måte, slik at veljarane strøymer til.

Det er lettare sagt enn gjort. Selja seg sjølv er utruleg flaut. Å prakke sine eigne tankar og meiningar på andre, for å overbevise dei om at eg og Venstre er det einaste saliggjerande, ligg ikkje heilt for meg.

Ikkje for det, eg skulle veldig gjerne sett at fleire let seg engasjere av Venstre. Dette fordi eg meiner det er eit parti for framtida. Men det vil eg også gjerne snakke om når det ikkje er val. Då følast det meir naturleg. No derimot, blir det berre «kleint». No skal alle på banen, med fagre ord og lovnader. Det blenkjer og skin i alle parti. Det er ikkje måte på kor flott alt skal bli, berre de stemmer på oss.

Eg er meir en villig til å diskutere, informere, og debattere Venstre sine tankar og prinsipp. Det er også med stor overbevisning og respekt, eg deltek og stiller til val, nettopp for Ål Venstre. Det eg gjerne vil er at folk tek kontakt med meg, gjennom heile perioden, vel å merke om eg skulle vere så heldig å få tillit att. Min jobb som folkevald er å vere ein ombodsperson som også tek tankar og innspel frå veljarane vidare i den kommunale debatten.

Som oppvekstpolitikar denne perioden har eg naturleg nok eit stort engasjement i forhold til skule. «Betre læring i Ål» har vore eit svært omfattande, nødvendig og spennande prosjekt å ta del i. Som skuleeigar må Ål kommune ta grep og ha tydelege mål, slik at ungane våre får ein best mogleg læringsarena. Lærarane må også bli sett og høyrt. Dei er heilt avgjerande for godt miljø og gode resultat. Nokre av måla er naturleg nok ikkje så populære, men etter mi og Venstre si meining, heilt nødvendige. Ved å redusere antal skular, meiner me at ein får betre utnytting av både menneskelege og økonomiske ressursar. Det er viktig å tenke heilskap i forhold til skule. Ein må dele goda, gi og ta kvar sin gong.

Sentrumsutvikling er også viktig. Ål treng eit grønt, tydeleg definert, og samlande sentrum, der folk kan møtes og trivast. Det vil styrke omdømme og attraksjonsverdien for Ål. Det er også kjempeviktig å hugse at Ål i Hallingdalsregionen også er ei merkevare. Den må marknadsførast, naturlegvis i lag med dei andre hallingdalskommunane.

Ein ting eg har skjønt, etter 4 år i kommunestyret, er at eg framleis har utruleg mykje å lære. Det er ei svært bratt læringskurve å skulle vere lokalpolitikar. Det er lett å kritisere og vite best. Ein skjønar snart at sakene er samansette med lang historie og ulike agendaer. Då er det viktig å søke kunnskap når ein skal ta standpunkt. Endå ein førebur seg godt, kan nye spørsmål uventa dukke opp. Ein vert veldig synleg i eit lite samfunn, om ein gjer val som råkar nokon uheldig. Det må ein tole, men det kan vera krevjande.

I Ål venstre har me hatt reine luksustilværet i inneverande periode. Med ordførar og 2 medlemmar i kvart utval, har me hatt god tilgang til kunnskap. Med kunnskapsrike, engasjerte, politikarar, med brennande hjarte for Ål-samfunnet meiner me at mange oppgåver har fått gode, framtidsretta løysingar. Godt samarbeid med andre parti, har også vore svært positivt.

Det er opp til den enkelte veljar i Ål kommune om det framleis skal vera slik. Det å ha mange medspelarar er ein styrke både for den enkelte og for partia.

Å, jammen me! Har du sett? No har eg faktisk selt både meg sjølv og Venstre! Det var lett som fett!

Årsak: Eg er heilt overbevist om at Ål Venstre også i framtida skal bidra til gode vilkår for folk flest. Bruk stemma di! Stem gjerne Venstre.

Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**