Difor er kommune- og fylkestingsvalet 11. og 12. september generelt viktig, og spesielt viktig er det at de som er unge veljarar viser engasjementet dykkar. På denne måten blir det synleg at de som er unge engasjerer dykk i solidaritet med demokratiske prinsipp.
Ål Venstre ynskjer å bidra. Me meiner sjølve å ha eit variert og framtidsretta program som vil appellere til dei fleste, og spesielt dei unge.
Stikkordsmessig kan nevnast:
· Gode miljøval gjennom blant anna
> redusert energibruk og
> betring av kollektivtilbodet i Hallingdal
· Ein betre skule i Ål gjennom blant anna
> tidleg innsats for å øve opp gode basiskunnskapar
> meir fysisk aktivitet
> tilbod om praktisk læring på ungdomsskulen
· Utvikling av Ål kulturhus
· Gode arbeidsvilkår for idrettslag og andre frivillige lag.
Ål Venstre er stolt av å ha gode, yngre listekandidatar. 5 av desse er under 25 år, bl.a. er Lene Storhaug nominert på 5. plass og Stein Olav Romslo på 8. plass.
Lukke til med valet!
helsing fyrstekandidat for Ål Venstre
Ove Bråten
NB: Kva du enn gjer 11. og/eller 12. september hugs å røyste!