Fellesforslag om Barbu frå Venstre, Pensjonistpartiet og SV

I bystyremøtet i dag stiller Venstre, Pensjonistparttiet og Sosialistisk Venstreparti dette felles forslaget om Barbu:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstres forslag i planutvalet blir endra til:

“Barbusaka blir utsett. Arendal bystyre trekker planen for Barbubukt og vil ha utarbeidd ny reguleringsplan med utvida planområde. Det har vore ei hastig og mangelfull saksbehandling. Høyringa i sommarferien 2011 var særs uheldig.

I det vidare arbeidet vil bystyret at følgande forhold blir vurdert:
– planen må ha som mål å styrke sentrum i Arendal ved å satse meir på og sikre bustadar/leiligheiter, og mindre på kontor og butikkar som kan bidra til å trekke aktivitet ut av og svekke det historiske bysenteret
– planen bør bli utvida med området vest for Kystveien, på begge sider av Skydebaneveien og også langs dei nedlagde sidespora opp mot jernbanen, med tilhøyrande parkeringsareal.
– planen må bli utarbeidd med rom for nye bygg vest for dagens planområde, og i respekt for innsyn, utsyn og historisk eigenart for det gamle Barbu og for strandsonen. Også grøntkorridor opp Barbudalen til Langsæ og Harebakken må med i planen.
– det midtre planområdet må bli ein mykje større park, og rådmannen blir beden om å undersøke vilkår for statstilskot til langt større parkanlegg enn i den foreslåtte planen.
– det bør undersøkast om det kan kome rundkøyring inn til Kystverket/Fiskemottaket direkte frå Kystveien for å redusere det foreslåtte vegarealet.”

Forslaget er underteikna gruppeleiarane Jon Lindset, Rune Sævre og Jan Kløvstad.

Forslaget fekk også støtte frå Høgre, og fall med 14 mot 25 stemmer.

Ved slutten av debatten stemte Venstre for Høgres forslag om å sende saka tilbake til planutvalet for å få ut blokkerande bygg i felt D i planforslaget. Men fleirtalet vedtok forslaget frå fleirtalet i planutvalet, det såkalte alternativ 7 frå debatten i juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**