Apell ved opninga av valkampen i Nordhordland – Odin Kristiansen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kjære Nordhordlendingar og veljarar!
Når dette vonde no har hendt, er det viktig at me går vidare på ein gjennomtenkt og framtidsretta måte.
Demokratiet vårt har utvikla seg gjennom tusen år, og utviklinga no går fortare enn nokon gong. Det er eit stort tal media som er med og spreier bodskapane til ulike interesse-grupper og politiske parti.Det er viktig å vidareutvikla kritisk sans til alle ting som påverkar vala våre, og dei konsekvensane val og handlingar gir. Foreldre, lærarar,politikarar og andre som har oppgåver innan oppdraging og opplæring, må sjå ansvaret sitt, og jobba for å læra dei unge å vera kritiske til kva følgjer ulike handlingar kan ha for deira eigne og andre sine liv.
Me i Venstre er glade for at midt oppi sorga som landet vårt står i, er alle partia opptekne av å vidareutvikla demokratiet vårt på ein god og framtidsretta måte, og ta vare på dei verdiane og rettane me har opparbeidd oss gjennom mange hundre år. Uansett kva angrep demokratiet vårt vert utsett for,held me valfridomen høgt, og såleis også retten til å stemma på eit mangfald av parti. GODT VAL !

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**