Velferd først er ingen floskel!

Sjølvsagt vil vi ha gode velferdstenester i Leikanger. Men kvalitet i helse- og omsorg, barnehagar og skular kjem ikkje av seg sjølv!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


På Kommunebørsen til dagbladet.no er Leikanger nyleg kåra til 5. beste skulekommune i landet. Resultatet kjem fram når tal frå Kostra og resultat frå nasjonale prøvar blir sett saman. Blei eg overraska? Både ja og nei. Som mor til to skuleborn har eg bra kjennskap til skulen i Leikanger. Noko overraska blei eg, fordi eg kjenner kvardagen med økonomiske nedskjeringar og plassmangel. Ein skule som må lære seg å gjere ting annleis enn før, men verre:som også må ta vekk noko, der ein både ville og burde halde fram. Som t.d ressursar til å kunne lære å rekne og skrive i mindre grupper. Som eit sosialt og fagleg godt læringsmiljø. Som tid og pengar til å kunne følgje opp entreprenørskapssatsinga, som Leikanger-skulen så velfortent får ros for.

Heilt ut frå det blå kom 5.plassen likevel ikkje. Kvar dag får eg heim to glade ungar som trivst på skulen, som er trygge på skulekameratane og som har godt kvalifiserte lærarar og tilsette som gjer sitt beste, for dei alle. I Leikanger er vi godt stilt når det gjeld menneskelege ressursar! Det er også mykje av forklaringa bak 5.plassen og på kvaliteten på skuletilbodet. Leikanger Venstre meiner difor at vi må satse vidare på lærarar og tilsette i barnehage og skule. Framleis god kvalitet i skular og barnehagar er ein føresetnad for eit Leikanger i utvikling.

Samstundes står vi overfor betydelege utfordringar i helse-og omsorgstenesta. Kvalitetskrav, nasjonale normer og reformar set småkommunen Leikanger under press. Og forventningane og behova hjå innbyggarane aukar. Å oppretthalde og vidareutvikle helse- og omsorgstilbodet til folk i Leikanger, krev difor nytenking og prioritering. På sjukeheimen er det venteliste. Talet på eldre i alderen 65-80 aukar. Og fleire blir sjuke med demens. Legevakt-tenesta blir vurdert som sårbar, med konsekvensar for kvaliteten for innbyggarane. Leikanger Venstre meiner difor at helse- og omsorgstilbodet må få stor merksemd framover. Leikanger treng fleire omsorgsbustader og fleire plassar på sjukeheimen. Samstundes må vi sette i gong prosessar og vurderingar rundt lokale og regionale samarbeidsformer, som kan vere med å sikre kvaliteten på desse viktige velferdstenestene for folk flest.

Gode velferdstenester kjem ikkje av seg sjølv. Velferd først er difor ingen floskel!

Trude Risnes
1.kandidat Leikanger Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**