I fylkestinget vil Venstre m.a. anna arbeida for næringsutvikling som legg til rette for initiativ og nyetableringar på tvers av kommunegrensene – noko som vil gagna Indre Hordaland. Venstre ønskjer også at Voss skal få ei ny einskapstakstsone for buss.
Dersom du vil høyra meir om Venstre sine fylkespolitiske målsetjingar og bli kjent med sentrale personar på lista, er Venstrestandane laurdag 27.aug mellom 12.00 og 14.00 i Vangsgata og på Amfi staden!
Der kjem Mona Hellesnes, velkjent ordførar i Ulvik, som er listetopp, og ungdomskandidaten, dvs. Bjørnar Hamre.
Mona Hellesnes på Voss laurdag 27. aug.!
1. og 4. kandidaten på fylkestinglista for Venstre i Hordaland er på stand på Vangen laurdag!
Lokalvalet gjeld også fylkespolitikken!