Felles krafttak for Leikanger

Den suksessrike omstillinga i Leikanger rundt tusenårsskiftet, er viktig årsak til dagens attraktive arbeidsmarknad i regionen. Men i tillegg til arbeid, så må folk ha lyst til å bu — og ikkje minst plass å bu!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Logo Venstre

Med statlege fornyingsstrategiar, der færre og større var løysinga på det meste, blinka varsellampene for mange arbeidsplassar i Leikanger, rundt tusenårsskiftet. Men med breitt strategisk samarbeid,sterk kompetanse og evne til nytenking hjå leiarar og tilsette, kom Leikanger-samfunnet styrka gjennom prosessane. Resultatet? Moderne verksemder med nye oppgåver og eit aukande tal attraktive arbeidsplassar. Ikkje berre tilgode for Leikanger, men for heile regionen.

Krafttaket står som eit lysande døme på kva ein kan få til lokalt og regionalt med ingrediensane samarbeid, kunnskap og evne til nytenking. Og nettopp slik kokekunst må vi også framover nytte oss av. For å skape nye bakverk, men også for å sikre og vidareutvikle dei eksisterande. Ja,vi høyrer "magerumlinga" frå svoltne Florø-folk – på jakt etter kompetansearbeidsplassar. Men viktigare er det å ha fokus på grunnleggande premissar og føresetnader for at Leikanger-Sogndal også framover skal vere ei veksande nærings- og kompetanseklyngje innan offentleg forvaltning, forsking og utdanning. For at arbeidsplassar og næringslivet i Leikanger generelt kan styrke seg.

Kompetanse og evne til å rekruttere den kompetansen ein treng, blir avgjerande framover. Den jobben ligg ikkje åleine til dei enkelte verksemdene. Det er ikkje slik at ein attraktiv jobb i seg sjølv er nok. Her er kommunen ein nøkkelfaktor. Folk må også ha ein plass å bu! Men lenge har det ikkje vore sjølvsagt å få bu på Leikanger. Iallefall ikkje for dei som helst vil leige, med dagens standard. Sjølv ikkje alle med systrondsadresse gjennom generasjonar, set spaden i tomtejorda dagen etter at jobben er klar! Framover må kommunen vere i førarsetet når det gjeld bustader og bumiljø. Ikkje nødvendigvis som storstilt utbyggar, men som eigar av bustadpolitikken! Dessutan: Klarer vi å syne fram kvalitetane i Leikanger-samfunnet og regionen? Opnar vi opp for dei som kjem og for dei unge som vel å bli verande? Å få til Bulyst og Blilyst er eitt av våre viktigaste verktøy for å skape vidare utvikling i Leikanger – og den jobben må Leikanger-samfunnet gjere saman!

Leikanger Venstre er difor oppteken av å sjå heilskap i verdiskapinga. Leikanger Venstre vil ha aktiv dialog med alle verksemder i kommunen. Vi treng å styrke ressursane som kan jobbe med konkrete utviklingsprosjekt, lokalt og regionalt, og å samarbeide med kommunane rundt oss, særleg Sogndal. Vi vil halde fram med å vidareutvikle sentrum. Vi treng gjennomgangsbustader med gode kvalitetar, gjerne som offentleg-privat spleiselag. Vi vil støtte lag og foreiningar.

Vi treng nye felles krafttak i utviklinga av Leikanger og i sogneregionen!

Trude Risnes
1.kandidat for Leikanger Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**