Eid Venstre er stolt over å satse på kultur

I eit innlegg i Fjordabladet 20/8, harselerer Frp sin fyrstekandidat i Eid med at Venstre i Eid har vore opptatt av kultur og gått i front for å bygge opp Eid som ei av landets fremste kulturkommuner. I eit innlegg i Fjordabladet 23/8 forsvarer Venstre sin gruppeleiar i Eid kommunestyre, Siv Langøen Rotevatn, Eid Venstre si kultursatsing og tek kraftig til motmæle mot Frp sin kritikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Musikk, kultur, noter

Foto: Microsoft

I innlegget skriv Siv Langøen Rotevatn mellom anna som følger:

«Du (dvs Eid Frp sin listetopp Drabløs) seier i innlegget ditt at Venstre berre har vore opptatt av kultur og kulturskule. Det er ikkje sant, men vi er stolte av å ha kjempa fram den offensive kultursatsinga i Eid kommune. Kulturen er minst av alt underhaldning, den er viktig "lim" i eit samfunn og bind oss saman fordi den er med på å gje oss felles forståing, identitet og haldningar.

Nettopp dette har vi smertelig fått erfare etter terroren den 22. juli. Sang, musikk, poesi, teikningar, blomar, design og media er alle kulturelle utrykk som på kvar sitt vis har vore til hjelp og støtte i vår kollektive handsaming av sjokket og sorga.

Eg merkar meg også at du ikkje nemner at Venstre i perioden gjentekne gonger har kjempa hardt for å realisere nytt omsorgssenter. For meg har det vore skuffande at FRP som talar så varmt for eldresaka, i så liten grad har vore aktive pådrivarar i denne kampen.

De har snakka mykje om inngangspartiet på Eid sjukeheim, om lysthus og massasje/spa for dei eldre. I og for seg viktige saker, men likevel "småplukk" i høve til det store og viktige behovet; nytt omsorgssenter. På formannskapsmøte i juni stemte du Drabløs for å halde fram med planlegginga av nytt omsorgssenter, i det etterfølgjande kommunestyret valde du å stemme mot deg sjølv, noko som etter mitt syn er ei utsetjing til etter valet. Det kallar eg å vere vinglete.»

Heile innlegget står på trykk i Fjordabladet 23. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**