Intervju med Ordførerkandidaten

Anne-Lise er 33 år, oppvaksen og busett på Vigra, saman med sonen Stig-Atle på 10 år. Ho er utdanna Siviløkonom med master frå Handelshøgskolen i Bodø, og har økonomistyring, kommunikasjon og leiing som spesialfag. Ho arbeider i dag som Controller ved Kirurgisk klinikk ved sjukehuset i Ålesund. Vi har spurt henne nokre spørsmål for å bli enno betre kjend med henne som vår ordførarkandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Anne-Lise Roald og Stig-Atle Roald Hamre

Foto: eige

Når du ikkje driv politikk, kva liker du å halde på med då?
– Eg er levande oppteken av musikk, og mykje av det eg styrer med er knytt til musikken. Eg er med i gjengen som arrangerer Sommerfesten på Giske, eg er styreleiar i skulemusikken på Vigra, der son min speler trommer, eg speler sjølv saxofon i Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk, og eg er rimeleg lett å be når noko artig skal setjast i gang anten det er karneval på Mjølner, eller eit innslag på ei revyscene. Elles har eg eit par styreverv, og eg bruker mykje tid saman med familie og gode vener. Eg er særs sosial av type, og liker meg helst når det skjer masse rundt meg, men det er ikkje heilt feil med ei god krimbok og ein kopp te under pleddet i sofaen heller. I tillegg er eg utruleg glad i å reise, både i lag med sonen min og med ein stor venninnegjeng som har fått namnet “Roald Helsereiser”.

Husker du den aller første jobben din?
– Den første betalte sommerjobben min var faktisk å egne line med akkar på akkord. Og arbeidsgivaren var ingen ringare enn noverande ordførar Knut Støbakk. Eg er barndomsvenninne med begge døtrene hans, og eit år fekk vi prøve oss på litt ekte fiskararbeid. Eg meiner på at betalinga var 50 kr stampen, og eg husker at eg var rimeleg nervøs då han skulle sjekke kvaliteten etter at stampen var full av line, krokar og blaut blekksprut. Vi fekk betalinga, så eg trur nok at arbeidet vart godkjend trass i at vi hadde helde litt leven og kasta agn både på kvarandre og rund om i alle krokar.

Fleire av oss kjenner også til blomsterbutikken "Flittig Lise" som inntil nyst heldt til på Valderøya. Det var vel du som var namnet bak den?
-For å få sagt det. Eg ga ansvaret for namneval til mor mi, og det angra eg på med ein gong. Eg syntes det vart rimeleg flautt. Men Flittiglise er faktisk ein flott og sterk sommerblome som berre treng litt vatn og pjusking innimellom for å bløme heile tida. Så eg gjekk med på namnet til slutt.

Då eg flytta heim til Vigra fann eg fort ut at det var veldig vanskeleg å få seg jobb i Ålesundregionen som nyutdanna, nyetablert ung kvinne. Eg merka at mange arbeidsgivarar var skeptiske til å tilsette meg, sidan eg hadde ein liten son, og "eg skulle vel snart ut i permisjon med nestemann". Etter eit kort vikariat som økonomikonsulent i Skodje kommune, sto eg utan arbeid, og det var ein særs fortvilande situasjon å vere i. På eit besøk hos frisøren fekk eg høyre nokre som klaga si nød over kor vanskeleg det var utan ein profesjonell blomsterbutikk i kommunen etter at Valderøy Blomster slutta, og at kransane til gravferder måtte sendast på buss frå Ålesund. Då fekk eg idèen til å starte opp for meg sjølv.


Du er levande interessert i blomar og har grøne fingrar då?

– Nei det skal eg ikkje påstå, ler Anne-Lise, heime hos meg er det alltid høgt forbruk på potteplantar, sidan eg alltid gløymer både å vatne og stelle. Men eg fekk med meg flinke folk som kunne blomsterfaget, og eg sjølv heiv meg ut i resten av oppstarten. Læringskurva gjekk rett opp, og med ein liten gut og bygging av hus samstundes var det kanskje heilt galskap å ta fatt på eit slikt prosjekt for ein 25-åring. Men utan denne erfaringa hadde eg nok ikkje kome i kontakt med Innovasjon Norge, og fått tre flotte og spanande år der som bedriftsrådgivar. Å selje blomsterbutikken for å arbeide fulltid i den organisasjonen var ei tung avgjersle, men for meg vart det den rette. Det er grenser for kor lenge ein klarer å arbeide døgnet rundt, sjølv om det både er lærerikt, spanande og givande.

Anne Lise Roald og Odd Einar Dørum på barnehagebesøk

Anne Lise Roald og Odd Einar Dørum på barnehagebesøk
Foto: Britt Nikolaisen

Så det er her du har fått den sterke interessa di for gründerverksemd?
– Ja, eg må seie at å arbeide saman med menneske som brenn for noko er utruleg givande. Og det å få skape si eiga framtid og sitt eige levebrød er for mange den største draumen i livet. Eg blir framleis like glad kvar gong nokon tek kontakt med meg for å få innspel på ein forretningsidè dei går og grunnar på, og berre å få lov å meine noko om folk sine inste draumar er stort for meg. Eg seier kanskje ikkje alltid det dei ønskjer å høyre, for eg prøver å hjelpe folk til å finne fram til ein mellomting mellom draum og realisme. Det er også ei viktig rådgjevarrolle, sjølv om det er freistande å berre seie "køyr på!" Eg veit sjølv kor lang tid det kan ta frå oppstart til ein faktisk kan ta seg ut løn, og det er heller ikkje særleg kjekt å ikkje få søve om natta for at ein ser at rekningane kjem inn raskare enn pengar på kontoen.

Kvifor valde du å bli Siviløkonom då? Eller i det heile tatt å starte på ei slik lang utdanning?
– Eg trur det ofte er veldig tilfeldig kva ein ender opp som, særleg viss ein ikkje har ei klar interesseretning eller konkrete ambisjonar. Eg arbeidde helgar og sommerferiar kvart einaste år frå eg var 13 år, og har vore innom både fiskebu, hotell, daglegvarebutikk, lærarvikariat, sjukeheim og mykje anna. Så eg sila vel ut litt etter kvart. Siviløkonomutdanninga er ei brei utdanning, og du har utruleg mange valmoglegheiter. I tillegg er det ei internasjonal utdanning, noko som gir enda større jobbmoglegheiter.

Kvifor starta du å engasjere deg i politikken?
– Eg greier ikkje å halde munn. Eg øver meg og øver meg, men heilt sidan eg var elevrådsleiar på Fagerlia på vidaregåande, så har eg hatt ein tendens til å hamne inn i alle moglege tillitsverv og i styre og stell. Men eg greier berre ikkje å la vere å engasjere meg i det som skjer rundt meg, og eg synes det er utruleg artig å få til ting saman med andre, uansett om det er politiske saker, korpskonsert, fest på samfunnshuset eller festivalar med hjerte løfta mot himmelen. Slike ting gir meg glede og energi, og er drivkrafta for neste prosjekt. Samstundes synes eg at det kan vere frustrerande at vi i politikken av og til verker å vere meir interessert i kven som hadde rett og feil, og kven som sa kva, i staden for å vere rausare og prøve å arbeide meir saman mot felles mål. Og eg er sikkert ikkje noko betre enn andre på dette området i "kampens hete", men eg tenker ofte at vi kanskje kunne fått til meir dersom vi såg meir på kommunestyremedlemmene si kompetanse og mindre på parti når vi debatterer saker.

Valpkampåpning 2011 Venstreleiar Trine Skei Grande

Valpkampåpning 2011 Venstreleiar Trine Skei Grande
Foto: Britt Nikolaisen

Og kvifor vart det Venstre for deg?
– Venstre har ein ideologi som appellerer til meg, med grunntanken om at alle menneske skal ha rett til sin individuelle fridom, samstundes som vi tek ansvar for kvarandre og fellesskapet. Eg vil sjølv ha råderetten over å forme mitt eige liv, ha ansvaret for å gjere det beste ut av det sjølv og ta mine eigne val. Men samstundes vil eg ha eit raust samfunn der vi tek vare på kvarandre når vi ikkje kan eller greier det sjølve, heilt eller delvis, eller på enkelte områder og tidspunkt i livet. Eg synes ikkje det er rettferd at alle skal måtte bere like mykje til ei kvar tid. I mitt hovud får vi eit betre samfunn dersom vi kan bere etter kor sterke vi er til ei kvar tid, for vi er ikkje like og har ikkje dei same føresetnadane her i livet! Derfor seier også Venstre at vi ønskjer meir til dei som treng mest, og at vi skal sette folk framfor system.

Å velje eit parti vil ofte medføre at ein må svelgje nokre kamelar, for det er sjeldan ein er 100% einig i alle fleirtalsvedtak som partiprogramma er utforma med. Det kan også gjerne vere store skilnader på landsbasis, og lokalpolitikk og sentralpolitikk er heller ikkje alltid heilt 100% match. Så mitt råd er å velje eit parti som kjennes rett "i ryggrada" når det gjeld ideologi, og som samstundes er det partiet du er minst ueinig med. Då kan ein kanskje finne det som ligg nærast opp til "idealpartiet". I tillegg deler eg standpunkt med fleirtalet i Venstre i mange viktige saker, og organisasjonen har utruleg mange ressurssterke og flotte meiningsberande folk over heile landet. Men flinke folk finnes i alle parti! Sjølv om eg ofte kan vere djupt ueinig med dei, har eg stor respekt for dei som menneske og ressursar på sine område, og ikkje minst at ein faktisk har valgt å engasjere seg for fellesskapen.

Kva vil vere viktige saker dei neste åra då?
– Alle saker er viktige for nokon. Det må vi hugse. Men nokre saker får store konsekvensar, eller får innverknad på kvardagen til mange. Mellom anna vil vi innan oppvekst og omsorg få store utfordringar med nybygg og nye driftskostnader. I tillegg vil den store Samhandlingsreforma innan helse gi oss hovudbry i lang tid framover slik eg ser det. Men eg har tru på at vi som kommune skal klare å lande på føtene her også, berre vi er flinke til å arbeide på tvers, både politisk og fagmiljøa seg mellom. Og ikkje minst satse på eit positivt samarbeid med kommunane rundt oss.

Er det ikkje nifst å skulle gå ut og seie at du ønskjer å bli ordførar? Særleg som ung kvinne i ein jobb der det ofte er full storm?
– Eg er rimeleg god til å setje sjøbein, så dersom det bles opp til storm, så skal eg vel greie det her også. Men det er viktig for meg å signalisere at målet for valet må vere å få inn flinke folk frå alle parti, og at dette ikkje skal vere eit ordførarval. Men dersom veljarane ønskjer at Venstre skal sitje i førarsetet, har eg fått tillit frå medlemmene i Venstre og eit samrøystes nominasjonsmøte ville ha meg som deira ordførarkandidat. Det er eg takksam og audmjuk for, og eg veit at eg har med meg mange gode krefter i ryggen dersom valresultatet og konstitueringa skulle føre meg inn i den rolla. At eg er ung kvinne må vel heller berre sjåast på som underordna i den store samanhengen, eg kan i alle fall ikkje sjå i kva grad det skal kvalifisere eller diskvalifisere til ei leiaroppgåve, verken i politikken eller i næringslivet. Då handlar det meir om rett kompetanse, tillit og leiarevne. Det er ikkje ordføraren som skal drive det politiske arbeidet i kommunen. Arbeidet skal leiast av ordføraren, men dei folkevalde representantane og innbyggjarane skal drive fram dei gode løysningane i fellesskap. Men at det er ein tøff jobb å vere ordførar, det er eg ikkje det minste i tvil om. Og det skal seiast, Knut Støbakk har vore ein tydeleg ordførar som har sett Giske kommune på kartet i mange samanhengar, og bidrege til mykje positivt for kommunen. Det kan eg trygt stå for, sjølv om vi ofte har vore grundig ueinige og har diskutert både høgt og lavt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**