Lindås Venstre sitt valprogram 2011-2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre i Lindås vil, i tråd med vårt sosialliberale grunnsyn, setja mennesket i sentrum. Me ønskjer at alle i størst mogeleg grad skal vera med på å ta ansvar, både for eige liv og for fellesskapet. Me ønskjer eit samfunn i utvikling utan fastlåste løysingar, og eit aktivt lokaldemokrati som tek omsyn til natur- og miljøkvalitetar og trygge oppveksttilhøve.

Skule- og barnehagepolitikk
Venstre meiner auka satsing på skule og utdanning er den viktigaste investeringa samfunnet kan gjera. Skulen og barnehagen skal formidla kunnskap, skapa nysgjerrigheit, medverka til utvikling av borna våre, utvikla forståing og kunnskap om dei sentrale verdiane vi byggjer samfunnet vårt på, t.d. folkestyre, toleranse og mangfald. Skulen må ta omsyn til elevane som einskildmenneske- med individuelle behov.
Lindås Venstre vil difor
gjera om vedtaka om å leggja ned skulane på Skodvin, Kløvheim og Festo
at rektor på kvar skule har økonomi- og arbeidsgjevaransvar
byggja ny ungdomsskule i Alversund/Knarvik
arbeida for at ein på sikt kan tilby lærarane eit kompetanseår
rusta opp skulane og satsa på gode læringsmiljø og leikeareal
prioritera lærarressursen og undervisningsmateriell i grunnskulen
prioritera tryggare skulevegar i samsvar med trafikktryggleiksplanen, og at dei som har utrygg skuleveg får fri skuleskyss
byggja ny barnehage i Alversund-området
handsama kommunale og private barnehagar likt
utvikla kulturskulen

Helse- og sosial
Venstre vil at folk skal ha basistilboda nærast mogeleg. Det er uverdig når menneske med dårleg helse må reise langt, stå lenge i kø for å få naudsynt legehjelp, pleie og behandling.
Lindås Venstre vil difor
ha eit distriktsmedisinsk senter for spesialisthelsetilbod i Knarvik
oppretthalda legesentertilbodet på Ostereidet og Lindås
vidareutvikla dagens legevaktsentral i Knarvik, t.d. med røntgen
betre primærhelsetilbodet, t.d. med faste dagar for tannlege og helsesøster på Ostereidet
at kommunen satsar meir på førebyggjande arbeid og følgjer opp rusmisbrukarar
at "Barnets beste" må prega arbeidet i barnevernet kvar dag der m.a. tett samarbeid med folk på alle arenaer der barnet er, står sentralt for å oppnå gode resultat
auka fokuset på ettervern
ikkje gje skjenkeløyve der born og unge ferdast, og at nye skjenkeløyve berre vert gjeve til restaurantar og hotell

Eldrepolitikk
Dei eldre utgjer og ein ressurs som Venstre meiner kan brukast på ein positiv måte, t.d. gjennom friviljug innsats. Tilhøva må leggjast til rette for eit verdig tilvære for dei eldre.
Lindås Venstre vil difor
at første del av utbygginga for demente skjer på Lindås
ha eit godt utbygt heimebasert omsorgstilbod
leggja til rette for bygging av seniorbustader
at det vert lagt til rette for andre aktørar innan eldreomsorga, t.d. friviljuge og ideelle organisasjonar
at Lindåstunet får trygge og langsiktige rammevilkår
ha dagtilbod for eldre i Knarvik, på Ostereidet og på Lindås
støtta aktiviserande tiltak for eldre
forbetra avlastningstilbodet

Næringsliv
Venstre ønskjer at det skal vera lett å etablera nye verksemder, og at eksisterande skal ha rammevilkår som gjev dei høve til å utvikla seg. Rammevilkåra for småbedrifter må bli betre slik at dei kan skapa fleire arbeidsplassar.
Lindås Venstre vil difor
vidareutvikla Knarvik som regionsenter for Nordhordland gjennom t.d.
o konsentrert bustadbygging på bymessig vis,
o framtidsretta trafikale løysingar som tek omsyn til menneske og utvikling av tenesteytande næringar
o bygging av kulturhus
o symjeanlegg
ta initiativ til å samordna den offentlege innsatsen innafor næringsutvikling i regionen, samarbeida med privat næringsverksemd, t.d. Nordhordland handverk- og Industrilag (NHIL) og med organisasjonar utanfor regionen
styrka tiltaksarbeidet og stimulera til etablering av småbedrifter
leggja tilhøva til rette for ei vidare utbygging i Mongstad-området, m.a. ved etablering av storhamn og tilgang på drikke- og industrivatn
sikra nytt næringsareal i alle ungdomsskulekrinsane

Bustad- og utbyggingspolitikk
Venstre vil stimulera til at folk kan etablera seg i alle skulekrinsar i kommunen. Dyrka mark skal i minst mogeleg grad nyttast til anna enn landbruksføremål.
Lindås Venstre vil difor
utvikla dei tre sentra våre på Lindås, på Ostereidet og i Knarvik, m.a. ved å plassera byggjefelt slik at dei stør opp om dei lokale sentra for kommunale og private tenester
ha eit allsidig bustadtilbod der ein byggjer konsentrert i sentrale delar av kommunen, og kor ein nyttar Lindås Tomteselskap AS for å sikra rimelege tomtar i bygder der det er få byggeklare tomtar
opna for einskildbustader i område med spreidd busetnad og i LNF-område
at kollektivtrafikk vert vurdert i samband med bustadplanlegging
at kommunen er aktiv med å formidla ulike lån tildelt frå Husbanken
stimulera til sosial bustadbygging og ungdomsbustader
byggje vassleidningar der det ikkje er offentleg vassforsyning
som hovudregel avslå dispensasjonssøknadar frå buplikta

Miljø og naturvern
Venstre vil arbeida for at lokal handling skal verta eit viktig verkemiddel for å ta vare på miljøet. Me vil forvalta natur-, frilufts- og kulturlandskap med varsemd!
Lindås Venstre vil difor
av miljøomsyn kabla kraftlina frå Mongstad til Øygarden
gjennomføra klimateknologiutviklinga på Mongstad
ikkje ha småflyplass på Erstadfjellet
heva ubåten på Fedje for auka tryggleik og sikra våre interesser innan fiskeri og reiseliv
stengja Sellafield-anlegget for å hindra at radioaktiv forureining kan nå kysten vår
setje miljøomsynet i fokus i arealplanlegginga i kommunen, og ta vare på matjorda
gjennomføra vedteken klima- og energiplan
følgja opp forureining frå større industriverksemder, t.d. på Mongstad
ha biobrenselsanlegg i Knarvik
vera liberale når det gjeld spreidd bustadbygging i dei mindre skulekrinsane
opna for tradisjonell naustbygging i eller ved eksisterande naustmiljø
at det framleis skal løna seg å kompostera og sortera avfallet sitt sjølv
at kommunale vedtak vert utgreidd med omsyn til miljøkonsekvensar
at kommunen tek viktige estetiske omsyn ved bygging av hus og anlegg
at kommunen krev at tenestetilbydarar følgjer regelverket og jobbar etter miljøvenlege kriterium
at kommunen syter for at anboda om skjøtsel av kommunale areal vert etterlevd
at byggjeareala våre skal nyttast til bustadbygging for fastbuande, og at ny hyttebygging skal lokaliserast i regulerte felt
styrka oljevernet i Nordhordland

Kultur og idrett
Venstre vil kjempa for den eigenverdien kulturen har. Vi ønskjer eit mangfald i kulturlivet, og at eldsjelene/det friviljuge organisasjonslivet får kommunal merksemd i alle bygder.
Lindås Venstre vil difor
byggja den planlagde kyrkja i Knarvik
auka løyvingane til kulturføremål for å støtta ulike former for kulturaktivitetar
støtta arbeidet med fleirbrukshall i Alversund
vidareutvikla bibliotektenesta til allsidige informasjonssentra, og ha gode bibliotektilbod i Knarvik, på Lindås og på Ostereidet
oppretthalda bokbussen
utvikla museumstilbodet og styrka kulturminnevernet
på sikt byggja symjebasseng i nordre delen av Lindås
merkja turstiane etter nasjonal standard, og ha informasjonstavler ved startpunkta

Ungdomspolitikk
Born og unge er viktige ressursar. Me vil møta deira behov for sjølvstende ved å medverka til at dei i større grad kan ta ansvar for eiga fritid.
Lindås Venstre vil difor
styrka det vidaregåande skuletilbodet i Nordhordland
at det vert fleire tilbod til "uorganisert" ungdom, t.d. ved å leggja til rette for fleire ungdomsklubbar
ha rimeleg hall-leige for dei under 18 år og passa på at ungdomen får gode rammevilkår når det gjeld treningstider i Nordhordlandshallen og andre stadar
at kommunen støttar rusfrie arrangement for ungdom
utvikla samarbeidet med Ungdomsrådet

Samferdslepolitikk
Eit levedyktig lokalsamfunn krev eit godt samspel mellom kollektive rutetilbod og privatbilisme. "Mjuke" trafikantar må sikrast trygg ferdsle med fleire gang- og sykkelstiar. Vegnettet i kommunen og mot Bergen må styrkast.
Lindås Venstre vil difor
byggja Nyborg-tunnelen (eller Nordhordlands-tunnelen når han kjem)
leggja til rette for rimeleg offentleg parkering ved skysstasjonen i Knarvik
byggja tunnel Isdalstø-Knarvik
gjennomføra den vedtekne trafikksikringsplanen
oppgradera fylkesvegane våre og arbeida for å forbetra vedlikehaldet av dei, m.a. Lindsdalen, Lindåsbrekka og strekninga frå gamlemeieriet til Strilatun på Seim
ha ny rundkjøring i Knarvik på kort sikt og tunnel på lengre sikt
kjempa for midtskilje på hovudvegane for å redusera talet på drepne og skadde i trafikken og å få tryggare ferdsle
ha båtbuss mellom Knarvik og Bergen
ha tunnel på strekninga Eikefet-Romarheim
ha bybana til Knarvik
starta arbeidet med ein Nordhordlandspakke 2 der ein m.a. ser på ei sambinding mellom Nordhordland-Øygarden og avgjer ny kryssing av Alverstraumen

Styringa av kommunen
Venstre byggjer på tanken om at alle har ei rolle å spela i forhold til styringa av landet. Folkeleg deltaking og engasjement er Venstre sitt ideal for demokrati, og me ønskjer difor meir makt til dei folkevalde og mindre makt til administrasjonen og rådmannen.
Lindås Venstre vil difor
nytta størst mogeleg del av ressursane til arbeid for brukarane, og mindre til administrasjon
etablera faste dagar med kommunale servicekontor på Lindås og på Ostereidet
gjennomgå delegasjonsreglementet med sikte på å overføra vedtaksmynde frå administrasjonen til dei folkevalde
ta høgde for auka driftskostnader ved nyinvesteringar, og vere varsame med å auka lånegjelda til kommunen
vurdera å leige inn tenester dersom dette er klart kostnadssvarande
at kommunen utviklar ein moderne arbeidsgjevarpolitikk, som gjennom gode og langsiktige rammevilkår for dei tilsette, medverkar til å utvikla tenestetilbodet vårt

Kommunestruktur
Lindås Venstre meiner at større kommunar i Nordhordland vil medverke til ei meir positiv utvikling i regionen vår. Me ønskjer difor samanslåing med nabokommunar når dei også ønskjer, og når staten legg dei økonomiske tilhøva til rette for samanslåing. Me meiner at samanslåingar må skje som del av ein større forvaltningsreform der makt og mynde skal overførast frå staten til kommunane og fylka.

Grøn vekst i Hordaland
Venstre sin politikk kombinerar personleg fridom med ansvar for fellesskapet og kvarandre. Me har sterk tru på menneske si skaparevne, kreativitet og ansvarskjensle.

Venstre vil at fylkeskommunen skal medverka til at vi får eit nyskapande næringsliv som kan fremje vekst og velferd. Hordaland må bli leiande på marine og maritime næringar, miljø- og berekraftig forvaltning av naturressursar, kultur- og naturbasert turisme og fornybar energi.

For Venstre er ferjefri kyststamveg (E 39) prioritet nummer ein for vegbygging i Hordaland. Nyborg-tunnelen og øvrige tiltak som ligg i Nordhordlandspakken må setjast ut i live snarast. Vegane må rustast opp. Parkeringstilhøva må leggjast til rette for meir kollektivtrafikk både med buss, båt og ei framtidig bybana til Knarvik. Båtbuss Knarvik-Bergen og tanken om bybana må omsetjast til handling. Da må innførast einskapstakstsonar på bussane i Nordhordland.

Satsinga på samferdsle og tiltak for at folk i vesentleg større grad nyttar kollektive transportmiddel er svært viktig i miljøsamanheng. Fylkeskommunen sin klimaplan for 2009 må følgjast opp, og kraftliner må i hovudsak kablast.

Me vil auka satsinga på utdanning og ha Hordaland som prøvefylke for ei praktisk retta teoriopplæring for yrkesfagelevane. Austrheim vgs må rustast opp slik at skulen stettar dei framtidsretta krava til bygg og undervisningsføremål. Knarvik vgs må få høve til å vidareutvikla seg.

Kultur- og reiselivsbaserte opplevingar har eit stort potensiale i Nordhordland. Det er viktig at fylkeskommunen medverkar til at dette blir teke ut. Museumsverksemd i Nordhordland må prioriterast.

Ei god skulehelseteneste, eit godt psykisk helsevern og eit desentralisert tannhelsetilbod i heile fylket er viktige berebjelkar i helsetilbodet vårt.

Venstre vil ha ei forvaltningsreform der vi flyttar makt og mynde frå staten og til kommunane og den einskilde borgar. Me vil ha meir folkevald styring og t.d. at Fylkesmannen skal ha færre oppgåver.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**