Gol venstre ynskjer å stoppe den vidare prosessen med Geiteryggen no

I samband med at Arbeiderpartiet har skifta syn når det gjeld saka om Geirteryggen, ber venstre i ein interpellasjon som blir teken opp i kommuneplanutvalet torsdag 25. august, om at saka blir sett på dagsorden i same møtet og med framlegg om at plan for denne områdereguleringa blir trekt attende

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ordføraren i Gol
3550 Gol

Interpellasjon Geiteryggen Næringsområde

I følgje Hallingdølen har Arbeiderpartiet og ordføraren snudd i saka om Geitryggen etter at eit knepent fleirtal i kommuneplanutvalet på føresommaren vedtok å leggje dei omstridde planane for Geiteryggen ut til offentleg ettersyn.

No bør Kommuneplanutvalet gje eit tydeleg signal til utbyggjar slik at han ikkje treng å bruke meir tid og pengar på desse planane. Både fylke og stat, naboar og andre kan spare seg arbeidet med å koma med merknader til denne planen, i og med at saka neppe får fleirtal i kommunestyret. Kommuneplautvalet bør snarast råd trekkje attende plan for områderegulering av Geiteryggen.

Eg ber om at dette blir teke opp i Kommuneplautvalet i første møte.

Framlegg:
Gol kommune trekker tilbake plan for områderegulering av Geiteryggen og skrinlegg den,
området blir tilbakeført i kommuneplanen til LNF-område

Gol 22.8.2011

Hallvor Lilleslett
Gruppeleiar Gol venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**