Venstre vil ha matsatsing på Radøy

God mat er god næring, meiner Radøy Venstre, som tek til orde for å spisse
ei næringssatsing på mat på Den grøne øya.

– Radøy kommune manglar i dag ein tydeleg næringspolitikk, og det første
som må gripast tak i er å få utarbeidd ein næringsplan, der ein spissar
satsinga innanfor nokre utvalde område. Deretter må ein søkje Regionalt
utviklingsprogram for Hordaland (RUP) om støtte til dette. Ei matsatsing
peikar seg ut som eit naturleg område, seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin
ordførarkandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


– Ei matsatsing peikar seg ut eit område Radøy bør satse på, fordi me er den
største landbrukskommunen i Nordhordland og har fleire marine verksemder.
Dessutan har Radøy kommune har allereie vedteke å gå vidare med eit
CittaSlow prosjekt og ein har Solheim/Sæbø landskapspark, samt fleire
mindre verksemder. For det tredje passar ei matsatsing godt saman med dei
satsingsområda som er peika ut i RUP, seier Hervik.

I følgje RUP for Hordaland er livskraftige lokalsamfunn eit satsingsområde i
tillegg til at både landbruk og marine næringar er peika på som næringar med
særlege føremonar.
-Det er god næring i god mat. Lokal produksjon av mat og drikke vil i framtida
vere viktig både for landbruk, for reiselivsnæringa og ikkje minst for levande
og aktive bygdesamfunn i heile landet. Dette kan med andre ord vere ein god
verdiskapingspolitikk, seier Hervik, som trekk fram Inderøy kommune i Nord-
Trøndelag som eit døme på kva ein kan få til.

Inderøy er ein av dei beste landbrukskommunane i Nord-Trøndelag. Der
har fleire gardbrukarar starta nisjeproduksjon med stort hell dei siste årene,
dei har ein omfattande næringsmiddelindustri basert på råvarer frå distriktet
og profilerer seg som Den Gylne Omvei, som også har gitt suksess i
reiselivsnæringa.

-Radøy kan tilsvarande profilere seg som Den Grøne Øya, ein omveg som det
er verd å ta for å ta del i matkultur. Men før me kan gjere det, har me ein jobb å
gjere med å få på plass meir næringsutvikling, ikkje minst når det gjeld å få til
meir nisjeproduksjon i landbruket, seier Hervik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**