Trine Skei Grande på besøk i Bø

Alle partia stilte med stand på Skogen gård under politikeveka. Det var mykje folk og god stemning. Inne på låven var det fleire store debattar mellom dei ulike partia.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


19. og 20. august var Trine Skei Grande på besøk i Bø. Ho deltok i fleire av debattane under politikerveka, som alltid kunnskapsrik og med gode argument.
Bø Venstre sin ordførarkandida,t Olav Kasland, gjorde også ein flott jobb i debatten om helse og det gode liv i Telemark. Laurdag hadde alle partia i Bø stand på Skogen gard i samband med Politikerveka. Venstre stilte med mange av dei fremste kandidatane på valglista. Det blei ein triveleg dag, med mange gode tilbakemeldingar på valgprogrammet og lista vår. Mange spurte om skulepolitikk, og gav utrykk for glede over programmet vårt med betydeleg styrking av skulen. Vi fekk og gode tilbakemeldingar på Venstre sitt standpunkt om å seie nei til handelspark utanfor Bø sentrum.
Bø Venstre stiller med stand ved Bø-senteret alle laurdagar fram til valget. Vi inviterer alle veljarar til å ta ein tur innom for ein prat og ein god diskusjon!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**