Sentrale saker for Voss Venstre

Det er vanskeleg for folk å orientera seg i alle gode saker og standpunkt vi i partia gjerne vil fortelja dei om. Voss Venstre laga derfor til 20. aug. ein løpesetel med ein ultrakort versjon!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre har vore eit aktivt element i lokalpolitikken i Voss siste valperiode. Det vil vi også vera i komande!

Sentrale saker for Venstre vil m.a. vera å arbeida for :
– oppretthalda vernet av Raundalsvassdraget
– ein miljøvennleg og vakker Vossevangen som god møtestad og regionsenter
– næringsutvikling
– miljø, klima og naturvern
– kultur
– gode oppvekstvilkår og levande lokalsamfunn
– ein sunn kommuneøkonomi

Det må bli lettare for innbyggjarane å engasjera seg i og å påverka utviklinga i Voss. Politikarane må i større grad styra utviklinga av kommunen.

Venstre er eit parti i sentrum i høve til høgre- og venstreblokka i norsk politikk, og er ubunde i høve til ulike organisasjonar.

Voss kommune har i mange år vore styrt av den same politiske grupperinga. For å få ein meir aktiv politikk og større politisk interesse, trur vi det vil vera bra at nye krefter kjem til. Dersom du samstundes meiner at politisk samarbeid må til for å få til framtidsretta løysingar, ja då bør Venstre få di røyst ved kommunevalet i september! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**