Raundalsvassdraget

Vern eller utbygging av Raundalsvassdraget er ei av dei store sakene i valkampen på Voss. Venstre har markert seg klart i denne saka: vassdraget skal verna verna også i framtida!. Ein løpesetel 20 aug. hadde dette som tema

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Voss Venstre har gått sterkt inn for å oppretthalda vernet av Raundalsvassdraget.

Stortinget verna vassdraget i siste samla verneplan i 2. halvdel av 80-talet. Grunngjevinga var m.a. ..vassdraget inneholder store verneverdier både for vilt- og fiskeinteresser, friluftsliv, kulturminner og naturvitenskap. Ved å gi både Voss, Flåm- og Undredalsvedtaket varig vern, vil en bevare et større sammenhengende natur- og friluftsområde.

Og Voss kommunestyre har nyleg vedtatt ein kommuneplan der naturbaserte opplevingar står sentralt for utvikling av reiseliv og bygd.

Fleirtalet i Voss kommunestyre (med ordførars dobbelrøyst) har likevel vedtatt at vernet skal opphevast. Energiministeren uttalar seg uklart om kva behandlinga av saka vil resultera i.

Saka vil uansett koma opp i neste kommunestyre.

Dersom du ønskjer at fleire representantar i Voss kommunestyre skal arbeida for å oppretthalda vernet av Raundalsvassdraget — stem Venstre!

For ordens skuld: Voss Venstre ser på bygging av småkraftverk som viktig for at rein energi skal erstatta forurensande energi. Men kvar utbygging må vurderast for seg, i høve til skadeverknader lokalt og regionalt — og i høve til det ansvar vi har for å ta vare på natur og miljø for komande generasjonar!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**